Hopp til innhald

Fagstoff

Media formar oss

Media påverkar oss. Vi legg knapt merke til det, men media formar korleis vi forstår verda. Verdiane våre, livsstilen og den personlege identiteten vår er nært knytte til impulsane vi får gjennom media.
Bildet viser en som surfer på internet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Makt i media

Dermed har media også enorm makt. Det er ikkje for ingenting at pressa, som er ein del av medieindustrien, gjerne blir kalla den fjerde statsmakta. Media kan påverke folkemeininga, skape endringar, rokke ved vedtekne sanningar og styre korleis vi bruker pengane våre.

Nyhenda på tv og i aviser gir oss råstoff som vi byggjer meiningar og haldningar på. Redaksjonen i NRK Dagsrevyen har stor innverknad. I stormen av nyheiter frå heile verda er det berre nokre få personar som kvar dag vel kva for nyhende som har så «vesentleg samfunnsmessig betydning» at dei bør visast for norske sjåarar. Liknande vurderingar gjer dei som lagar filmar, tv-seriar og dataspel, og også journalistane som skriv artiklar i vekeblad og aviser.

Hva er et medium?

Eit medium er eit verktøy vi kan bruke til å formidle kva som helst til ein eller fleire mottakarar – underhaldning, informasjon eller opplevingar. Det er menneska som fyller mediet med innhald, som bestemmer. Som regel har dei eit mål med det dei formidlar. Nokre vil bidra til ein seriøs samfunnsdebatt, medan andre berre vil tene pengar på at vi kjøper produktet deira.

Kort oppsummert kan vi seie at media påverkar:

  • kva vi lærer
  • korleis vi oppfattar omverda
  • kva vi bruker pengar på
  • kvar vi vil bu
  • kva for yrke vi vil ha
  • kva for rollemodellar vi vel
  • korleis vi lever
  • kva for klede vi tek på oss
  • kva vi synest er viktig i livet
  • korleis vi er mot kvarandre
  • kva for haldningar vi dannar oss

Kjelde: NRK Skole

Utfordringar til deg

  1. Kva blir kalla den fjerde statsmakta, og kvifor?
  2. Korleis påverkar media oss?
  3. Sjå filmane frå NRK Skole. Ta notat og diskuter innhaldet med ein medelev.
  4. Gå deretter til NRK Skole og søk på «media». Er det fleire filmar der som du finn interessante? Sjå desse, og diskuter innhaldet i klassen.
CC BY-NC-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 13.09.2018

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium