Hopp til innhald

Fagstoff

Biblioteket

Barnehagar og skular bruker biblioteket på ulike måtar. Nokre har sitt eige vesle bibliotek, nokre har bokbussen som kjem innom, medan andre besøkjer biblioteket jamleg. I biblioteket finn ein bøker tilpassa utviklingsnivået til barnet. Det er alt frå biletbøker for dei minste til tunge fagbøker for dei største barna.
Kvinne omgitt av bøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike bøker

Bøker kan gi rom for fantasi og kreativitet, og dei kan skape spenning og forventningar. Bøkene om Harry Potter er eit døme på dette. Mange barn og unge opplevde bøkene som spennande og gjekk omkring og lurte på når den neste boka ville komme, og kva som kom til å skje.

Bøker kan skape engasjement og bidra til motivasjon og læring. Du som vaksen kan hjelpe barna med å finne bøker som passar til interessene og utviklingsnivået deira.

Barn er ulike og har ulike erfaringar med bruk av bøker. Somme er gode lesarar og bruker biblioteket ofte, medan andre slit med lesinga og har behov for å finne lettlestbøker eller lydbøker.

Biblioteket er meir enn bøker

  • peikebøker
  • biletbøker
  • lettlestbøker
  • faglitteratur
  • romanar, historier o.l.
  • lydbøker
  • blindeskriftbøker
  • samiske bøker
  • engelske bøker
  • bøker på andre språk
  • CD-ar med musikk
  • videoar
  • digitale ressursar
  • spel

Utfordringar til deg

  1. Søk på nettet etter stoff om korleis barn bruker biblioteket.
    – Korleis blir biblioteka utforma med omsyn til barn og unge?
    – Kva aktivitetar er retta mot barn og unge i biblioteka?
  2. Gå til nrk.no/skole/ og søk på «bøker og barn». Du får opp fleire korte filmar. Sjå nokre av dei og diskuter dei i klassen. Lag ein presentasjon om barn og bøker.
  3. Korleis bruker barnehagar i kommunen eller bydelen din biblioteket?
  4. Korleis bruker skular og SFO i kommunen eller bydelen din biblioteket?
  5. Besøk det nærmaste biblioteket ditt. Finn ut kva for tilbod dei har til barn og unge. Lag ei oversikt over ulike bøker du kan bruke i arbeid med barn.
  6. Kvifor er det viktig korleis biblioteket er innreidd?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2019

Læringsressursar

Litteratur