Hopp til innhald

Fagstoff

Medium

I dette emnet ser vi på kva plass dei ulike media har i liva til barn og unge, og på korleis vi kan bruke media i leik og læring i barnehage, skulefritidsordninga og skulen.
sosiale medier på en mobilskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er òg mindre heldige sider ved media. Korleis vi kan gjere barn og unge meir medvitne om korleis dei ulike media påverkar dei?

Nettsamfunn og e-post, podcasting og online-spel, nedlasting og opplasting av musikk og filmar, mobiltelefonar med kamera og flatskjermar kopla til all verdas tv-satellittar. Kan vi tenkje oss eit liv utan?

Tenk over

  1. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære om ulike medium? Diskuter kompetansemåla i klassen.
  2. Lag eit tankekart som viser kva du kan om ulike medium, før du tek til med dette emnet.
    Ta fram tankekartet når du er ferdig med emnet og finn ut kva du har lært.
  3. Kva for tankar får du når du ser bileta på denne sida?
    Bruk bileta som inspirasjon og skriv ein tekst om korleis ein skal rettleie barn og unge slik at dei kan ta sjølvstendige og gode val når det gjeld bruk av ulike medium.
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2018

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium