Hopp til innhald

Fagstoff

Sertifisering

Eit sertifikat er ei skriftleg stadfesting, gjerne frå eit offentleg organ, av at ein person har dei nødvendige kvalifikasjonane, eller at eit produkt oppfyller visse krav.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sertifikat

Sertifikat finst innanfor mange yrke og er gjerne påkravde gjennom standardar og lovverk eller frå kundar.

Arbeidssertifikat

Eit arbeidssertifikat gjeld ein person sin kompetanse. Bilsertifikat er éin type. Ein annan type er sveisesertifikat. Til visse arbeid må sveisaren ha gått gjennom ein prøve og fått utskrive sertifikat før han kan gjere jobben. Det er mange typar sertifikat for sveisarar.

Materialsertifikat

Materialsertifikat for stål vil innehalde informasjon om kjemisk samansetjing, brotstyrke og slagseigleik m.m. Det finst mange typar av slike sertifikat.

Kompetansebevis

Eit kompetansebevis er òg ei form for sertifisering, men krev vanlegvis ikkje så formell utdanning og prøving som eit sertifikat.

Kompetansebeviset er gjerne knytt til bedrifta, og døme på dette er truckførarbevis og kranførarbevis.

For enkelte arbeid må ein til dømes ha kurs i tiltrekking av boltar. Dette er ikkje påkravd etter standardar og lovar, men eit krav som bedrifta har innført.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2018

Læringsressursar

Kvalitetsarbeid