Fjørepytten

Langs ei eksponert fjøre er vêrforholda ofte tøffe med høge bølgjer som treffer land. Etter ein periode med uvêr samlar sjøvatn seg i små og store dammar langs fjøra. Desse kallar vi "fjørepyttar". På biletet ser du ein relativt stor fjørepytt, som ligg like ved ope hav.
Til denne feltoppgåva treng du
- dataloggar
- datamaskin
- elektrodar for temperatur, oksygen, pH og saltinnhald
- termometer
- finmaska håv
- plastbakkar
- målesylinder eller begerglas
- pinsettar
- felthandbok over livet i fjøra
- skriveunderlag
- kamera
Flagellatane frå biletet til venstre i større forstørring.Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
Ein fjørepytt der nesten alt vatnet har fordampa, saltet ligg att på svaberget.Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
Ein fjørepytt med masse liv.Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
Eit glimt ned i ein fjørepytt som er overgrodd med grønalgar.Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
Tre elevar undersøkjer livet i ein fjørepytt.
Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
Fjørepyttane blir fylte med vatn frå bølgjeslag ved uvêr eller når det regner, og vatnet kan ikkje forsvinne frå pyttane på annan måte enn å fordampe. Mange gonger myldrar fjørepytten av liv, andre gonger er livet sparsamt.
Fjørepytt med raude flagellatar.Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
Miljøforhold
Miljøforholda i fjørepytten er heilt annleis enn i havet utanfor. Utan påfyll av nytt vatn vil saltinnhaldet auke når det ferske vatnet fordampar. Ved regnvêr vil saltvatnet i fjørepyttane bli fortynna, og saltinnhaldet søkk. Om sommaren blir vatnet i pytten varma opp og held ofte ein langt høgare temperatur enn havet. Vassbevegelsen i pytten er liten, og vatnet er oftast nesten stilleståande samanlikna med havet utanfor.
I denne oppgåva skal du undersøkje livet i ein fjørepytt. Du skal òg registrere korleis miljøforholda i pytten varierer over tid, noko som er ei relativt omfattande oppgåve.
Typisk fjørepytt overgrodd med grønalgar.Opphavsmann: Alf Jacob Nilsen
Datalogging av miljøforhold i ein fjørepytt
Før du begynner på denne oppgåva, må du bestemme deg for over kor lang tid du vil registrere miljøvariasjonar. Eitt døgn er eit godt utgangspunkt, men dette betyr at logginga må setjast i gang dagen før klassen skal på ekskursjon. Du kan òg registrere variasjonar over nokre timar.
Det er aktuelt å registrere variasjonar i temperatur, pH, oksygenmengd og saltinnhald – alt avhengig av kva dataloggingsutstyr skolen har. Det er viktig å teste utstyret på førehand og gjere seg kjend med innstillingane til og bruken av dataloggaren. Pass på at elektrodane er riktig kalibrerte.
Før du startar registreringa, lagar du hypotesar om korleis du trur variasjonane i dei parametrane du testar, vil vere i løpet av testperioden.
Når logginga er ferdig, blir dataa lasta ned til ein datamaskin og behandla vidare derifrå.
Til ekskursjonsrapporten
Fortel kva parametrar du valde å overvake i fjørepytten, og grunngi kvifor du valde desse. Lag grafar med tilhøyrande verditabellar for data du har registrert. Studer variasjonane, og kommenter desse. Stemde hypotesane dine? Var variasjonane slik du forventa? Kva kan vere årsaka til variasjonane? Presenter resultata og vurderingane dine for klassen.
Skildring av fjørepytten og undersøking av livet her
Start med å anslå kor stor fjørepytten er, kor mykje vatn han inneheld, og korleis pytten ser ut.
Beskriv form, plassering, og anslå eller mål kor djup pytten er. Kan du observere noko som kan indikere kor lenge vatnet har stått i pytten? Fyll ein målesylinder eller eit begerglas med vatn, og beskriv korleis det ser ut på farge, og korleis det luktar. Beskriv kva algar og dyr du kan sjå med det blotte auget. Ta bilete. Mål eller berekn kor langt frå og høgt over havet pytten ligg. Lag ei skisse. Hugs å notere alle observasjonar.
Hald fram med å bruke ein finmaska håv og fang smådyr i pytten. Legg dyra i ein plastbakke med vatn frå pytten. Registrer og noter kor mange ulike dyr du fann, og prøv å bestemme somme av dei (du vil sannsynlegvis finne flest krepsdyr). Ta bilete.
Til ekskursjonsrapporten
- Lag ei skisse, og set denne saman med bilete som viser korleis fjørepytten ser ut, og kvar han ligg i forhold til havet.
- Sei noko om kor høge bølgjer det må vere for at vatnet i pytten skal fyllast på eller skiftast ut. Kor ofte trur du dette skjer? Vil pytten ofte tørke heilt ut?
- Reinskriv observasjonane dine, og set desse inn i rapporten.
- Lag ei liste over dyr og algar i fjørepytten.
- Forsøk å setje opp eit næringsnett for pytten – kven et kven i dette vesle økosystemet?
- Korleis må organismane som lever her, vere tilpassa for å overleve i dei varierande miljøforholda?
- Samanlikn observasjonane dine med resultata frå datalogginga ovanfor.
