Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Kafédialog

Responsgrupper

Kafédialog er ei form for gruppearbeid som kan gi læring på ein rask og motiverande måte. Metoden kan brukast til alle typar spørsmål og oppgåver, og måten å utføre han på kan varierast.

Dette er eitt eksempel på korleis kafédialog som metode kan brukast. Du finn fleire eksempel og informasjon om metoden ved å følgje lenkjene til høgre.

Det bør vere minimum tre elevar på kvar gruppe.

Kvar gruppe får eit nummer. Merk borda med nummer, og legg ut dei ulike oppgåvene. På kvart bord skal det liggje A3-ark og tusj. Gruppene skal rotere, slik at dei er innom alle borda med ulike spørsmål og problemstillingar. Læraren må passe tida slik at ein skiftar gruppebord samtidig. Spel gjerne dempa musikk.

Kvar gruppe velg ein sekretær som skal notere på arket under diskusjonen. Før gruppa forlèt bordet og går til neste, skal A3-arket brettast slik at dei som kjem etter, får begynne diskusjonen med blanke ark. Oppgåva skal gjennomførast utan hjelpemiddel.

Gå gjennom oppgåvene og framgangsmåten på førerhand. Alle gruppene skal innom alle borda, slik at dei får komme med synspunkt og idear til løysingar.

Når gruppene har vore innom alle oppgåvene, skal dei brette ut A3-arket, skrive eit samandrag og lage ein presentasjon for klassen. I denne prosessen har no alle gruppene vore med og løyst alle oppgåvene. Den gruppa som er først innom oppgåva, skal avslutte der dei begynte, og prioritere kva dei skal presentere for klassen. Her kan elevane eventuelt bruke hjelpemiddel.

I staden for å bruke A3-ark kan elevane leggje papirdukar på borda og skrive på dei.

Tilrå
9

Ordbok

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Oppgåver

Inspirasjon for

Fagleg

Andre ressursar

Frå NyGiv

Brukast i

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve