Skriv ut Lytt til tekst
 

Yrkessituasjonar

Havbåra bu- og helsetun

Hans er helsefagarbeidar, og Mari er lærling i helsearbeidarfag ved Havbåra bu- og helsetun. Havbåra bu- og helsetun er ein sjukeheim med til saman 24 plassar. Seks av dei er plassar for rehabilitering, mens seks høyrer til eining for fysiks aktive folk med diagnosen demens. På avdeling Burøya der Mari og Hans arbeider, bur det 12 menneske med ulike tilstandar og behov.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Hans observerer at Dagmar et lite

Spise sammen

Hans har servert frokost og held på å samle inn og rydde på plass etter måltidet. Han observerer at Dagmar har ete og drukke lite, og set seg ned for å prate med henne.

På rapporten blei det sagt at Dagmar har dårleg appetitt og har gått ned i vekt den siste tida.

 

Ta utgangspunkt i situasjonen til Dagmar og lag eit forslag til kosthald som kan passe for henne.

Forslaget skal innehalde

  • ei oversikt over kva slags mat du vil tilrå, og kvifor
  • ei oversikt over kor mykje ho bør ete og drikke i løpet av ein dag
  • ei oversikt over kor ofte ho bør ete og drikke

 

Samanfatt forslaget i eit notat og gjennomfør eit rollespel der ein medelev er Dagmar. Du skal rettleie henne om ernæring. Bytt på rollene.

Tilrå
8

Ordbok

Kompetansemål

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve