Yrkessituasjonar
Grensesetjing i møte med Håvard
I samarbeidet med Håvard, som har ein lett hjerneskade, må Tamara og Frida vere tydeleg når dei set grenser. Dette gjeld både når dei støttar Håvard i hans eiga grensesetjing, og når dei sjølve set grenser som profesjonelle yrkesutøverar.
Håvard har epilepsi

Tamara og Frida må hjelpe Håvard når han har epileptiske anfall.
Håvard har hatt epilepsi sidan han var liten, og han kjenner godt til anfalla sine og kva slag anfallstypar som kan førekomme.
For å hjelpe Håvard på ein fagleg forsvarleg måte må Tamara og Frida ha kunnskap om kva epilepsi er, og om den typen anfall han vanlegvis har.
Arbeid i grupper på fire og skaff dykk kunnskap om epilepsi slik at de kan hjelpe Håvard eller andre som har sjukdommen.
Følg lenkja til Norsk Epilepsiforbund og les om hva epilepsi eigentleg er. Ta utgangspunkt i det og lag ein plakat med oversikt over dei ulike typane anfall. Lag òg ei kort oversikt over kva epilepsi er på plakaten.
Tenk dykk at innhaldet på plakaten skal brukast til å forklare epilepsi for to elevar frå Vg1 som er utplasserte på Vårstigen i prosjekt til fordjuping. Dei har ikkje lært noko om epilepsi på skulen.
Lat ein av elevane i gruppa forklare for dei andre når plakaten er ferdig.
