Skriv ut Lytt til tekst
 

Yrkessituasjonar

Grensesetjing i møte med Håvard

I samarbeidet med Håvard, som har ein lett hjerneskade, må Tamara og Frida vere tydeleg når dei set grenser. Dette gjeld både når dei støttar Håvard i hans eiga grensesetjing, og når dei sjølve set grenser som profesjonelle yrkesutøverar.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Håvard får eit epileptisk anfall

Hjerne

Håvard er vand til å ha epileptiske anfall. Han har omtrent eitt anfall i veka. Han kjenner det ofte når eit anfall er på veg, så då kan han leggje seg ned før det kjem.

Som oftast stoppar anfallet av seg sjølv, men det hender at han må ha eit legemiddel som inneheld verkestoffet diazepam. Han får det rektalt.

Helsefagarbeidarane Tamara og Frida må vite kvar grensa for den faglege kompetansen deira går når det gjeld handtering av legemiddel.

Helsefagarbeidarane har ofte ansvaret på vakta si, og dei kan vere åleine saman med Håvard. Difor er det ofte dei som må setje det anfallsdempande legemiddelet.

Høyr på e-førelesinga om legemiddel. Lærte du noko her som seier kva som skal til for at Tamara og Frida kan gi Håvard anfallsdempande medikament? Diskuter i klassen.

For å kunne administrere anfallsmedisin ved epileptiske anfall må dei vite korleis det skal gjerast.

Følg lenkja til administrering av anfallsmedisin frå Trondheim kommune og set dykk inn i korleis legemiddela som her er nemnde, skal givast. Lag ei kort skildring og ei skisse av korleis ein gjer det.

Oppgåva til helsefagarbeidaren kan vere å obserevere verknader og biverknader av legemiddel.

Søk på verkestoffet diazepam i Felleskatalogen. Kva for namn på ulike legemiddel finn du der? Har du høyrt om nokon før? Eventuelt kva for nokre av dei? Kva er grunnen til at det er ulike namn når verkestoffet er det same?

Kva står det om verknader og biverknader av legemiddel med verkestoffet diazepam?

Kva betyr rektalt?

Tilrå
4

Ordbok

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve