Yrkessituasjonar
Havbåra bu- og helsetun
Hans er helsefagarbeidar, og Mari er lærling i helsearbeidarfag ved Havbåra bu- og helsetun. Havbåra bu- og helsetun er ein sjukeheim med til saman 24 plassar. Seks av dei er plassar for rehabilitering, mens seks høyrer til eining for fysiks aktive folk med diagnosen demens. På avdeling Burøya der Mari og Hans arbeider, bur det 12 menneske med ulike tilstandar og behov.
Mari førebyggjer underernæring

I dag les Mari ein artikkel som tek opp dette temaet, og ho vil gjerne finne ut meir om det.
Ho tenkjer mykje på det og tek det opp med kollegaene sine.
Les artikkelen «Mange eldre er underernærte», som du finn med å følgje lenkja til høgre.
Forklar omgrepet underernæring og beskriv kva som skjer med kroppen ved denne tilstanden.
Kva vil du observere for å avdekkje teikn på underernæring?
Kva slags tiltak kan førebyggje underernæring?
Presenter resultatet i klassen på ein slik måte at det kan inspirere andre i det førebyggjande arbeidet.
