Ida liker å vere med på det som skjer

Ida er lei av at mange trur det er så mykje som er vanskeleg for henne på grunn av at ho har Downs syndrom. Ho er først og fremst Ida, og så har ho i tillegg Downs syndrom, men ho veit at ho treng hjelp slik at ho kan vere med på ulike aktivitetar.
Ida har fått ny støttekontakt, ei som ikkje kjenner Ida frå før. Helsefagarbeidar Tamara skal vere saman med Ida og støttekontakten første gong dei møtest.
Tenk deg at du er Tamara, som er saman med Ida i dette første møtet. Ida skal presentere seg sjølv og fortelje om interessene og ønska sine. Ho ber Tamara om hjelp til å fortelje om kva Downs syndrom er. Ida er oppteken av at ingen skal synest synd på henne for at ho har Downs syndrom.
Set deg inn i kva Downs syndrom er, og skriv denne presentasjonen.
Du kan godt bruke lenkjene du finn til høgre, som eit hjelpemiddel.
Når alle har skrive eit forslag til presentasjon om Downs syndrom, går de saman i grupper på fire og prøver ut presentasjonane på dei andre i gruppa. Gi kvarandre tilbakemeldig på om dette er nyttig å vite for støttekontakten, og i tilfelle kvifor.
