Måleteknikk innan produksjonsprosessar

Det er viktig å kunne måle trykk, temperatur og mengd i ein prosess eller i ei arbeidsoppgåve.
Fotograf: Svein Erik Dahl
For å kunne regulere industrielle prosessar er vi heilt avhengige av å måle kva som skjer.
Presise målingar av temperaturen i ein reaktor, av trykket i ein kompressor eller av nivået i ein tank kan vere avgjerande for om vi klarer å produsere det rette produktet. Det er òg viktig med pålitelege målingar for at vi skal kunne operere fabrikken på ein sikker måte.
Her skal du lære meir om måleinstrument, trykkmåling, temperaturmåling, gjennomstrøymingsmåling og nivåmåling:
Introduksjon til kjemisk prosessindustri - Måleteknikk
- Film om måleinstrumenter
- Trykk er definert som kraft delt på areal: Film om trykk
- Temperatur er eit mål på gjennomsnittleg termisk energi til molekyla i ei mengd av stoff: Film om temperatur
