Skriv ut Lytt til tekst
 

Yrkessituasjonar

Havbåra bu- og helsetun

Hans er helsefagarbeidar, og Mari er lærling i helsearbeidarfag ved Havbåra bu- og helsetun. Havbåra bu- og helsetun er ein sjukeheim med til saman 24 plassar. Seks av dei er plassar for rehabilitering, mens seks høyrer til eining for fysiks aktive folk med diagnosen demens. På avdeling Burøya der Mari og Hans arbeider, bur det 12 menneske med ulike tilstandar og behov.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Dagmar får ikkje sove

Solnedgang

Dagmar ligg eller sit mykje på dagtid fordi ho er slapp. Då søv ho mykje og er ikkje med på aktivitetar.

Om nattta søv Dagmar dårleg, og ho er ofte uroleg.

Helsefagarbeidar Mari veit at ein betre balanse mellom aktivitet og kvile kanskje kan hjelpe Dagmar slik at ho unngår smådupping på dagtid.

Kvaliteten på søvnen ho får på dagtid, kan ikkje kompensere for mangelen på samanhengande nattesøvn.

Tenk deg at du er Mari, som saman med to kollegaer diskuterer korleis de kan hjelpe Dagmar slik at ho kan endre søvnmønsteret sitt.

Lag ein plan for Dagmar der de set opp tiltak som kan fremme eit betre søvnmønster for henne. Grunngi tiltaka.

 

Tilrå
4

Ordbok

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Fagleg

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve