Hopp til innhald

Fagstoff

Måling av stoff − molar masse

Ettersom det er talet på einingar som er viktig i kjemiske reaksjonar, er det mest praktisk å bruke ei eining for stoffmengd basert på talmengd og ikkje på masse. Derfor blei eininga mol innført.
Kjemiker med titreringsutstyr. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måling av stoffmengde

Mol er ei SI-eining. Eitt mol av eit stoff er den stoffmengda som inneheld 6,022 • 1023 einingar av stoffet. Dette store talet blir kall Avogadros tal. Einingar kan tyde atom, molekyl, formeleiningar, ion eller elektron. Med formeleining meiner vi eininga som stoffet er bygd opp av. Formeleininga til til dømes vatn er H2O, formeleininga til natriumklorid er NaCl, og så vidare. Molar masse er det same som molmasse. Molmasse forkortar vi her i kurset til Mm. For å halde styr på kva for ei formeleining det er snakk om molmassen til, er det vanleg å skrive formelen i parentes etter symbolet, til dømes slik: Mm(H2O).

Lage hockeypulver

I oppgåva der vi skal lage hockeypulver, får vi beskjed om å bruke løysningar med ein styrke på 1M (éin molar). Det tyder at vi skal ha 1 mol molekyl per liter løysning. For å finne ut kor mykje eitt mol er, må vi finne formelmassen til stoffet og gjere dette om til gram.

Eksempel

Saltsyre består av eitt hydrogenatom med massen (1u) + eitt kloratom med massen (35,45 u), formelmassen til HCl blir då 36,45u.

Dette betyr at 1M HCl inneheld 36,45 g HCl per liter.

2M HCl innheld dobbelt så mykje, og 10M inneheld ti gonger så mykje. Jo større konsentrasjon syra har, jo farlegare blir ho å handtere. Det same gjeld for alle syrer, basar og skadelege løysningar.

CC BY-SASkrive av Per Erik Rangberg. Rettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Organisk kjemi