Hopp til innhald

Fagstoff

Mekanisk blanding og kjemisk reaksjon

Når vi blandar saman to stoff i ei mekanisk blanding, held stoffa på eigenskapane sine. Men når vi blandar to stoff og får ein kjemisk reaksjon, får vi stoff med andre eigenskapar enn stoffa hadde før reaksjonen.
Ein person med kvite hanskar held opp ein kolbe med pipette og oljeekstrakt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mekanisk blanding

Eit reagensrør og ei plastskei med lysegult pulver. Reagensrøret er merka med S for svovel. Foto.

Vi lagar ei blanding av litt jernpulver og litt svovelpulver. Svovelet er gult, mens jernet er grått. Når vi blandar desse to stoffa ved å røre dei saman, ser vi at vi kan trekkje ut jernet med ein magnet. Svovelet blir då liggjande igjen. Ei slik type blanding kallar vi ei mekanisk blanding.

Eit reagensrør og ei plastskei med grått pulver. Reagensrøret er merket med Fe for jern. Foto.

Når vi blandar saman to stoff i ei mekanisk blanding, held stoffa på eigenskapane sine.

Kjemisk reaksjon

Vi kan blande saman jernpulver og svovelpulver i eit reagensglas (glasrøyr) og varme det forsiktig opp til blandinga gløder. Så avkjøler vi blandinga. Vi ser no at vi har fått eit stoff med ein helt annan farge (svart). Vi klarer ikkje no å trekkje ut jernet med ein magnet, og vi kan heller ikkje sjå svovelet. Vi seier at det har skjedd ein kjemisk reaksjon mellom svovelet og jernet. Vi har fått ei kjemisk binding som vi kallar jernsulfid.

Jern + svovel → jernsulfid

Pila betyr «dannar». Stoffa på venstre side av pila kallar vi utgangsstoff eller reaktantar, mens vi kallar stoffet eller stoffa på høgre side av pila produkt.

I ein kjemisk reaksjon får vi stoff med andre eigenskapar enn stoffa hadde før reaksjonen.

Ei kjemisk binding inneheld atom av forskjellige slag. Sidan det er tungvint å skrive slike reaksjonar med ord, bruker vi i staden dei kjemiske teikna:

Fe + S → FeS

Fe er det kjemiske symbolet for jern, S er det kjemiske symbolet for svovel, og FeS er det kjemiske namnet for den kjemiske bindinga jernsulfid.

Ein kjemisk reaksjon er ein prosess kor éit eller fleire stoff omdannes til éit eller fleire nye stoff.




Korleis går ein kjemisk reaksjon føre seg?

Dei fleste kjemiske reaksjonar treng ein ytre påverknad for å komme i gang. For å få til ein reaksjon mellom jern og svovel må vi varme opp blandinga. Då blir atoma i både jernet og svovelet sett i hurtig rørsle. Jernatom og svovelatom støyter saman og bind seg til kvarandre, slik at den kjemiske bindinga jernsulfid blir danna.

Vi treng ikkje å varme opp heile blandinga for å få til dette. Etter kvart som eit område blir varma opp, blir det frigjort så mykje energi at reaksjonen held fram til heile blandinga har blitt til jernsulfid.

I nokre reaksjonar blir det frigjort varme, slik som i reaksjonen mellom jern og svovel. Forbrenningsprosessen i ein bilmotor er eit anna eksempel på ein reaksjon som gir frå seg varme. Andre kjemiske reaksjonar absorberer varme, slik som den reaksjonen som går føre seg i ein ispose.

Reaksjonar som gir frå seg varme, kallar vi eksoterme. Reaksjonar som treng å få tilført varme, kallar vi endoterme.

Somme reaksjonar er veldig raske, slik som forbrenningsreaksjonen i ein bilmotor. Andre reaksjonar går treigare, for eksempel jern som rustar. Men ofte er det mogleg å styre kor raskt ein reaksjon skal skje.

Reaksjonsfarten er avhengig av konsentrasjonen til alle stoffa i reaksjonen i tillegg til forskjellar i trykk og temperatur.

Etanol (C2H5OH) består av grunnstoffa karbon, hydrogen og oksygen. Då kunne vi kanskje tenkje oss at vi får danna dette om vi blandar dei reine grunnstoffa saman. Så enkelt er det likevel ikkje. Plasseringa av kvart enkelt atom er avgjerande for kva slags stoff vi har med å gjere. Derfor vil stoffa vi startar med, bestemme kva slags stoff vi endar opp med.

CC BY-SASkrive av Per Erik Rangberg og Rune Mathisen. Rettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Organisk kjemi