Skriv ut Lytt til tekst
 

Yrkessituasjonar

Rina trener seg opp etter eit lårhalsbrot

Rina er på Solvollen rehabiliteringssenter for å trene seg opp etter eit lårhalsbrot. Ho får bistand frå ulike yrkesgrupper slik at meistringsevna hennar etter rehabiliteringsopphaldet skal bli best mogleg.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Sigrid skal observere Rina, som har feber

Feber

Sigrid har dagvakt i dag. Under den munnlege rapporten om morgonen blir det opplyst at Rina har feber.

Det er fleire sannsynlege årsaker til at ho har feber. Sigrid får tildelt fleire oppgåver som må gjerast for å finne forklaringa på feberen.

 

Tenk deg at du er Sigrid, som er helsefagarbeidar.

Gruppeleiaren ber Sigrid om å utføre følgjande prosedyrer for å finne ut kvifor Rina har feber:

  • ta ei urinprøve og urinstix
  • observere operasjonssåret med tanke på sårinfeksjon
  • måle temperatur for å sjå på moglege endringar i løpet av dagen

 

For å kunne utføre desse observasjonane er det viktig at Sigrid og andre helsefagarbeidarar har kompetanse slik at dei blir utførte med god fagleg kvalitet for å sikre at resultatet blir så rett som råd.

Klassen treng ein dag på eit praksisrom eller eit anna tilrettelagt lokale. Del klassen i tre der elevane roterer og er innom tre ulike stasjoner.

  • Ta ein urinstix. Gjer greie for framgangsmåten. Kva kan ei slik prøve vise? Dokumenter og rapporter resultata. Følg lenkja til urinstix til høgre.

 

  • Lag ein illustrasjon av eit operasjonssår som er infisert, og eit som ikkje er infisert. Gjer greie for det du har teikna på det infiserte såret. Kva vil du rapportere vidare?

 

  • Mål temperatur på kvarandre. Rina har som følgje av lårhalsbrotet ønskje om at temperaturen ikkje skal målast rektalt. Kva er alternativet? Bruk same metode når de måler på kvarandre.

Tilrå
7

Ordbok

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve