Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Skyvelære

Skyvelære: Tekniker bruker digital vernier skyvelære

Skyvelæret er eit nødvendig verktøy for å ta nøyaktige mål.

Avlesing av skyvelære NN
Forfatter: Industriskolen
 

Film avlesning av skyvelære
Opphavsmann: Industriskolen
 

 SkyvelæreSkyvelære 

 

Digitalt skyvelære fra MitutoyaDigitalt skyvelære fra Mitutoya
Opphavsmann: Mitutoya Scandinavia AB
 

Mykje kan vel seiast om skyvelæret, men det er eit nødvendig verktøy for å ta nøyaktige mål. Det måler utvendig, innvendig, breidd og djupnemål, og målenøyaktigheita for eit skyvelære med 20-delt nonieskala er 0,05 millimeter. Det finst òg alternativ med digital avlesing, noko som gjer det endå meir nøyaktig.

Praktisk bruk av skyvelære
Dei ulike delane på skyvelæret består av knivforma målespissar til innvendig måling, ein skyvar (rørleg del) med nonieskala, ein strekskala. Du finn òg ei målestong som blir brukt til djupnemåling. Det er viktig at du lærer å bruke skyvelæret rett, slik at du får utført korrekt måling av aktuelle detaljar.

Hugs:
• Skyvelæret skal berre brukast til måling og ikkje som hammar eller til å merkje opp linjer og sirklar med.
• Du må ikkje utføre måling på roterande delar.
• Kontroller at skyvelæret måler riktig (på passbitar).

Nonieskala for skyvelære
 Nonieskalaen på skyvelæretNonieskalaen på skyvelæret
Opphavsmann: Industriskolen
Skyvelæret består av ein rørleg del og ein fast del. Den rørlege delen blir kalla skyvaren. Avlesinga skjer ved at du les av talet på heile millimeter over 0 på nonieskalaen først, så tel du talet på delstrekar på nonien til du finn streken som står rett under millimeterstreken. Bruk animasjonen til høgre for å lære deg å lese av skyvelæret.


Typar av skyvelære

Det finst eit stort utval av skyvelære som er tilpassa bestemte måleoppgåver. I dag brukast ofte digitale skyvelære.

Tilrå
8

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Fagleg

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve