Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Måling

Måling og måleverktøy: Ingeniør  tar målinger for bruk i  CAD / CAM system

I industrien blir mange typar måleverktøy og målemetodar nytta. Kva type måleverktøy som skal nyttast, er avhengig av kor nøyaktig produktet som skal produserast, skal vera.


Målebånd, skyvelære og mikrometerMålebånd, skyvelære og mikrometer 

Måling i praksisMåling i praksis 

I industrien blir mange typar måleverktøy og målemetodar nytta. Kva type måleverktøy som skal nyttast, er avhengig av kor nøyaktig produktet som skal produserast, skal vera.

Vi skil mellom to typar måleverktøy

• mekaniske måleverktøy
• elektroniske og optiske måleapparat

Som nemnt har dei ulike måleverktøya forskjellig
presisjon. Til "grove" målingar blir som regel mekaniske måleverktøy nytta, slik bileta til høgre viser.

Dei elektroniske og optiske måleapparata er som regel meir avanserte å bruke. Men til gjengjeld er desse måleverktøya meir nøyaktige. I moderne produksjon kan desse måleapparata koplast til skrivarar og avanserte program for dokumentasjon av måleverdiane til produktet. Når du skal utføre målingar, verkar temperaturen på målestaden (eller objektet) inn på måleresultatet. Når du arbeider med strenge toleransekrav, er det viktig å ha riktig måletemperatur. Denne bør vere ca. 20 °C.

Tilrå
5

Kompetansemål

Fagleg

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve