Oppgåver til analysekapitlet
Oppgåve 1
Motiv, tema og bodskap
- Kva meiner vi med omgrepa motiv, tema og bodskap?
- Les forteljinga Slutten av Joakim Hunnes. Kva vil du seie er motiv, tema og bodskap i teksten?
Oppgåve 2
Konflikt og handling
- Kva for konfliktar eller utfordringar er det hovudpersonen må forholde seg til?
- Kva er hovudhandlinga i denne novella, og kva er sidehandlinga (som vi berre får høyre om i korte glimt)?
- Kvifor er sidehandlinga relevant for det som skjer i hovudhandlinga?
Oppgåve 3
Komposisjon
Repetisjonsspørsmål
- Kva meiner vi med in medias res-opning?
- Korleis startar ei islendingesoge til vanleg?
- Kva vil det seie at handlinga er framstilt kronologisk?
- Kva er retrospeksjon?
- Kva er eit frampeik?
Oppgåve 4
Komposisjon
Les novella "Alle vi" (1993) av Marit Kaldhol og gjer greie for komposisjonen.
- Korleis opnar novella?
- Beskriv konfliktopptrappinga.
- Kvar er vendepunktet i novella?
- Kva slags avtoning eller løysing har ho?
Oppgåve 5
Tid og forteljetempo
Les forteljinga H2O av Thomas J.R. Marthinsen.
- Forklar kva vi meiner med forteljetempo.
- Korleis er forteljetempoet i denne teksten?
- kva slags verknad har forteljetempoet?
Oppgåve 6
Forteljar og synsvinkel
Repetisjonsspørsmål
- Kva er forskjellen mellom forfattaren og forteljaren i ein oppdikta tekst?
- Forklar kva vi meiner med førstepersons- og tredjepersonsforteljing.
- Kva vil det seie at framstillinga er autoral?
- Og kva ligg i omgrepet personal framstilling?
- Forklar omgrepet synsvinkel.
Oppgåve 7
Forteljar og synsvinkel
Les tekstutdraget nedanfor og avgjer:
- Er dette ei førstepersons- eller ei tredjepersonsforteljing?
- Kvar ligg synsvinkelen?
- Er forteljaren allvitande, "fluge på veggen", eller gøymer han seg bak personen som blir skildra?
Frank var ferdig med frokosten klokka halv seks. Han reiste seg fra kjøkkenbordet så stolen veltet. Lyden av stolen som falt, gav gjenklang i hele første etasje, men han trodde ikke kattene ville bli skremt. Han tenkte for seg selv at de nok var ute på jakt uansett, så det gjorde ikke noe at lyden var høy. Likevel så han seg bekymret rundt. Han gikk over til ett av de to lange kjøkkenskapene, bøyde seg sakte ned til nederste hylle der hvor kattematboksene sto. De fylte hele hylla, og han hadde enda flere. Nede i kjelleren hadde han trettito bokser til. Han håpet de ikke hadde gått ut på dato, for han ville ikke likt å måtte dra til butikken alt nå. Ifølge kalenderen som han hadde hengende ved siden av skapet, var det fortsatt kattemat igjen for to uker. Han krysset av hver dag. Nå satte han et rødt, skjevt kryss over dagens dato. Det var en tirsdag.
(Fra "Frank og kattene" av Thomas J.R. Marthinsen)
Oppgåve 8
Forteljar og synsvinkel
Les novelleutdraget nedanfor.
- Er dette ei førstepersons- eller ei tredjepersonsfortelling?
- Er framstillinga autoral eller personal?
- Kvar ligg synsvinkelen?
- Er synsvinkelen uavgrensa eller avgrensa?
- Skriv om avsnittet slik at synsvinkelen ligg hos den elleveårige jenta eller faren. Kva for informasjon mister vi, kva for informasjon får vi i staden?
Nilsen lå og vrinska i sagflisa. Ankelen sto i en stygg vinkel i forhold til resten av beinet og salen hadde sklidd, slik at du nå kunne sitte på sida av gampen. På vommen. Uten at det nødvendigvis hadde gitt så mye framdrift. Søstera mi sto og hylgrein. Helt hysterisk. Jeg hadde lyst til å klappe til 'a, men turte ikke, så jeg ble stående med henda i lomma på kamuflasjebuksa. Fattern sto med telefonen trøkt opptil øret og prøvde å overtale dyrlegen til å komme fort som faen. Denna hesten har det ikke godt, prøvde han seg. Denna hesten må avlives! Hadde jeg hatt patroner skulle jeg gjort det sjøl, fortsatte han, og glemte tydeligvis den 11-årige dattera si som sto ved sida av og bælja.
(Frå novella "Nilsen" av Lasse Fosshaug)Oppgåve 9
Personskildring
Les utdraget frå novella "Nilsen" i oppgåve 8 ein gong til.
- Kva slags inntrykk får du av eg-personen?
- Finn eksempel i teksten som bekreftar dette inntrykket.
- Er personskildringa direkte eller indirekte?
Oppgåve 10
Personskildring
Les romanavsnittet nedanfor.
- Er personskildringa direkte eller indirekte?
- Gi nokre eksempel.
- Ligg det ei vurdering av sypiken som person i skildringa, eller blir ho karakterisert på ein nøytral måte? Forklar.
Men sypiken var en blek, sykelig skapning med et par underlige store øyne, der alltid så ut som om de bad om forlatelse. Hun var smukk ennu; men alle fikk straks det inntrykk, at hun hadde vært meget smukkere; det var noe forkuet og falmet over henne; kinnene var litt innfalne, man kunne se at hun hadde mistet flere tenner.
Frå romanen Garman og Worse av Alexander Kielland
Oppgåve 11
Miljøskildring
Skriv to ulike innleiingar til ei forteljing som begynner med ei skildring av landskapet du kan sjå nedanfor. Vel to av desse alternativa:
- ei nøktern og roleg innleiing
- ei innleiing som skaper ei trolsk, mystisk stemning
- ei innleiing som passar til ein dyster science-fiction-roman
- ei innleiing som passer til ei kjærleikshistorie
Vann, steinar og horisont Torgeir Wittersø Skancke
Oppgåve 12
Blanda drops
Lytt til teksten
Forfatter: Linda Eide
Lytt til teksten "Familien som spela vekk jola" av Linda Eide, og les om forfattar og tekst nedanfor.
- Kva slags sjanger er dette, ifølgje forfattaren?
- Kven er forteljaren?
- Peik på humoristiske trekk ved tekst og framføring.
- Også humoristiske forteljingar har gjerne eit poeng. Kva vil du seie er tema og bodskap i teksten?
- Og kva er motivet?
- Er synsvinkelen til forteljaren avgrensa eller uavgrensa? Gi eksempel frå teksten som underbyggjer svaret ditt.
Linda Eide er radiojournalist. Ho har jobba i NRK Radio sidan 1990, i både P1, P2 og P3. I 2006 fekk ho kultur-departementets nynorskpris for journalistar. No er ho i programposten "Norgesglasset" på P1.
Linda Eide kallar sjølv teksten "Familien som spela vekk jola" for eit moderne skillingsdikt. På 1800-talet var skillingstrykk enkle trykksaker som også dei fattige hadde råd til. Dikta og visene som blei spreidde på denne måten, handla ofte om tragisk kjærleik og død, men ein del skillingsviser formidla også nyhende, til dømes om drap, skipsforlis og andre katastrofar.
skjul
Oppgåve 13
Enkel novelleanalyse
Les novella "Regi" av Odny Bjordal nedanfor og arbeid deretter med spørsmåla til teksten. Lenkje til spørsmåla finn du under overskrifta "Oppgåve" i høgrefeltet.
Regi
Nei, det var ikkje eg som gjorde det. Eg orkar ikkje slikt. Det byr meg i mot. Eg får meg ikkje til det rett og slett. Slik har det alltid vore. Det var ikkje eg som stussa halen på katten, reiv vengene av levande fluger eller spidda sniglar på spisse pinnar. Det var dei andre småungane. Men det var eg som tenkte det ut.
Bror min var lett å be. Han var to år dummare og modigare. Ikkje var han så god til å forklara seg heller - i alle fall ikkje når eg hadde forklart meg først. Han var ikkje så flink til å få orda til å henga i hop som eg var - alt då. Eg fortalde glatt ei løgn meir truverdig enn han fortalde sanninga. Og så blei han sint og fortvila og begynte å rota og gå i surr. Tosken. Medan eg stod like roleg og såg folk alvorleg rett inn i auga. Visste eg ville vinna.
Dei fleste vaksne gjekk fem på. Barnehagetantene, lærarane, far min. Men ikkje mor mi. Endå ho nok gjerne ville: tru meg – hjelpa meg – dekka meg. Det var som ho hadde skuldkjensle for den helvetes foten min – endå det var medfødd. Eg såg det i auga hennar, dette såre, hjelpelause som eg hata – og brukte.
Skulen var lett. Eg kunne setja av mykje tid til å finna på og organisera store ting medan eg tok på meg eit lyttande ansiktsuttrykk. Disiplar med svak nok ånd og villig nok kjøt til å utføra dei geniale planane mine fann eg alltid. Å få dei til å tru at dei hadde funne på det meste sjølve, var min minste kunst. Tommelen opp og eit aldri så lite nikk når dei såg i mi retning under eller etter ei skjennepreike, var nok til å overtyda dei om at dei var faen til tøffingar som stod for meir enn ein støyt.
Eg begynte ikkje å plaga jenter før i tretten-fjortenårs-alderen. Det vil seia: Det var ikkje eg. Det var gjengen. Ikkje plaga me dei heller, forsåvidt, til å begynna med. Og det er gale å seia "dei", for det var alltid berre ei om gongen. Dessutan hadde dei godt av det – dei ekle suggene.
Førebuingane likte eg godt. Det gjaldt å byggja opp stemninga – over tid: Gje små hint til ein som ikkje ville gje dei vidare, fyra opp under når eg høyrde dei att. Og så – planlegging og organisering, utveljing av aktørar. Bilda klare i hovudet. Ei dirrande spenning vatt på seg i magen min. Framføringa nærma seg.
Offeret var aldri tilfeldig valt. Heller ikkje når det gjaldt Angela. Ho var stor, feit og svært lite engleaktig - unnateke blikket som var blått og tåpeleg truskuldig – som på ei ku – ei engleku, ha-ha.
Angela gjekk i spesialklassen. Eg hadde komme til å streifa den nakne armen hennar ein dag eg passerte henne i korridoren – svært ufrivillig. Angela veiva alltid slik når ho gjekk, kursen var ikkje heilt stø. Huda hennar var fuktig, og etterpå meinte eg ho hadde vore sleip og slimete – som sniglehud. Eg kunne spydd.
Nei, det var ikkje eg. Morten var det. Ja. Leif og Arne heldt. Men det var Morten som "spidda", som pirka og rispa i det sleipe blautdyret. Som ho grylte, purka. Herlig.
Snart ville ho vera klar for neste scene. For truinga, skremminga, den verkeleg raffinerte torturen. Og då skulle hovudrolleinnehavaren gjera entré. Eg skalv og sveitta. For eit skodespel det skulle bli – i stemma hennar – i ansiktet – i auga.
Men så var det Morten, den dusten. Han som endå skuldar meg for tre stilar. Han sende heile forestillinga rett i dass. Slengde pinnen, skubba vekk dei to andre, gav Angela ein dytt så ho fór snublande og ulande ned stien. Snudde seg og såg meg trassig rett i auga.
Morten - bror min - som er to år dummare og modigare enn eg.
