Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Ellipsoide og geoide

For at GPS-systemet skal kunne berekne ein nøyaktig posisjon på jorda, må det liggje eit rammeverk i botnen som beskriv koordinatar og referansar. Geodesi er vitskapen som gjeld forma på jorda, gravitasjon og endring. Eit geodetisk system er eit rammeverk for å fastsetje koordinatar på jordoverflata etter ein referanseellipsoide og geoiden.

GeoideGeoiden.
Opphavsmann: ESA

Geoiden er ei tenkt flate med lik tyngdekraft overalt, ei såkalla ekvigravitasjonsflate. Flata blir danna av overflata på verdshava og korleis ein tenkjer dei ville halde fram under landmassane. Dersom heile jordoverflata var dekt med hav, og det ikkje var rørsle i havet eller atmosfæren, ville havoverflata ha vore ei ekvigravitasjonsflate.

Geoiden er grovt sett ein ellipsoide, men med bulkar her og der. Grunnen er at massen under jordoverflata ikkje har lik tettleik overalt. Dette fører til at storleiken på gravitasjonskrafta ikkje er lik i alle retningar frå sentrum av jorda.

Geoiden er ei fysisk flate som vi refererer høgder over havet til. I geodesi refererer ein også høgder til  ein ellipsoide, som er den enklaste globale tilnærminga til geoiden. I motsetnad til geoiden er ellipsoiden ei reint matematisk overflate, og har den fordelen at ho er enklare å gjere berekningar på. Ein ellipsoide blir definert som ei lukka, krum flate som i alle plan blir skoren i ein ellipse. Denne ellipsoiden blir brukt som referanse for posisjonsberekningar. Han er ei matematisk flate som representerer jorda. Ellipsoiden blir brukt fordi han er ein matematisk figur med jamn overflate som er lett å handtere, i motsetnad til geoiden som blir påverka av ulik tettleik i det indre av jorda. Ellipsoiden vik ofte noko av frå geoiden. Til nullnivå for høgder det gjennomsnittlege havnivået til jorda (geoiden) nytta.

Jorda, geoiden og ellipsoidenJorda, geoiden og ellipsoiden
Opphavsmann: Amendor AS
Skisse som illustrerer korleis skilnadene mellom geoide, ellipsoide og
topografi kan vere.

GPS-koordinatar blir refererte til ein særskild ellipsoide med namnet WGS-84 (World Geodetic Survey 1984). Ønskjer ein å finne nøyaktig høgd over havet på ein GPS-posisjon, er det naudsynt å kjenne til geoiden i området.

Satellitten GOCE måler geoidenSatellitten GOCE.
Opphavsmann: ESA

Satellitten GOCE måler geoiden

The Gravity Field and Steady-State Ocean Circulation Explorer (GOCE) er ein forskingssatellitt som skal kartleggje gravitasjonsfeltet rundt jorda og sirkulasjonen i havet.

GOCE-satellitten kom i bane rundt jorda i mars 2009 og er finansiert av jordobservasjonsprogrammet til det europeiske romsenteret (ESA). Målingane skal mellom anna brukast for å fastsetje forma på jordgeoiden. Data som blir samla inn av GOCE, vil ha ein presisjon på 1 til 2 cm i høgda på geoiden.

 

Tilrå
14

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve