Hopp til innhald

Fagstoff

Praktiske råd

«Når du kjem til eit land, bør du spørje om skikkane», sa den kinesiske vismannen Konfucius til disiplane sine. Eit godt norsk uttrykk er «å stikke fingeren i jorda der du kjem». Det gjeld både innanlands og utanlands, i møte med norske og utanlandske kulturar eller subkulturar.
Kulturmøte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bli kjend med den andre og deg sjølv

Dersom vi planlegg å flytte til eit anna land, til ein ny by eller ei ny bygd, eller skifte skule, søkje jobb eller ventar å møte ei ny kulturell setting på ein eller annan måte, er det fleire ting vi kan gjere for å førebu oss. Ein god måte å byggje opp ein meiningsfylt kommunikasjon på er å bli kjend med representantar for den andre gruppa. Det kan gjerast på fleire måtar.

Det beste ville vere å flytte til og bu i den andre gruppa og leve mest saman med dei andre for kortare eller lengre tid. Slik kan ein bli kjend med dei nye menneska, skikkane og deira måtar å leve på og gjere ting på.

Sjølv om denne løysinga sikkert er den beste, er ho ikkje alltid mogeleg å gjennomføre. Men ein kan også førebu seg ved å søkje opplysningar frå slike kjelder som kan fortelje om levemåtane til andre menneske.

Kjelder til informasjon

Media som bøker, film, fjernsyn og internett kan formidle mange opplysningar og innsikt i framande forhold, og andre tankemønster og tradisjonar.

Til dømes er lokal skjønnlitteratur (eventuelt i omsetjing) eit framifrå hjelpemiddel for å lære om kva kulturstraumdrag som gjer seg gjeldande i den andre gruppa. Vi må likevel vere klare over at dei som har laga boka, filmen eller kva det no er, skildrar ting slik dei ser det eller vil at vi skal sjå det. Det kan derfor løne seg å vere kritisk, slik at vi ikkje automatisk overtek andre sine stereotypiar og fordommar.

Andre menneske som har vore i nærkontakt med det andre kulturelle miljøet, kan gi mange nyttige opplysningar. Men også her bør vi vere kritiske og opne for at informantane våre kan ha teke feil, eller at dei representerer ein bestemt klasse eller ei gruppe som ikkje er representativ for miljøet.

Enkelte organisasjonar eller bedrifter gir opplæring i form av kurs om interkulturell kommunikasjon for utsendingane sine og familiane deira. Det kan vere mange tips og erfaringar å få med seg frå slike opplegg. Meir kulturspesifikke innføringar om land, folk og religion kan også vere nyttige.

Kva bør vi vite om andre?

Spørsmål som vi bør prøve å finne svar på, er slike som desse:

  • Korleis ser menneska på seg sjølve og omgivnadene sine?
  • Korleis lever dei liva sine?
  • Kva tradisjonar har dei i familien og i gruppa?
  • Kva slags verbale og ikkje-verbale kodar bør vi kjenne?
  • Kor opne og direkte er menneska i kommunikasjonen?
  • Korleis ser dei på framande?
  • Kva slags stereotypiar har dei om oss?
  • Kvar går toleransegrensene i dei kulturelle straumane som finst?
  • Kva skjer viss vi ikkje følgjer reglane?

Det er eit godt råd å søkje hjelp hos kulturelle rådgjevarar – folk vi har tillit til, og som har tillit til oss, i den kulturelle konteksten vi kjem til. Dersom det personlege forholdet først er etablert, vil mange synast at det er ei glede å hjelpe oss ut av ein vanskeleg situasjon.

Kva bør vi vite om oss sjølve?

Møtet med andre menneske gjer også at vi blir meir kjende med oss sjølve. Vi blir utfordra og må stille spørsmål til oss sjølve og til ting vi har teke som sjølvsagde. Kven er vi, og kva står vi for? Det kan vere like viktig som å bli kjend med den andre.

Spørsmål til oss sjølve kan vere slike som desse:

  • Kva slags stereotypiar har eg om dei andre?
  • Kva for stereotypiar må eg forandre?
  • Korleis reagerer eg i møte med framande og ukjende livsformer?
  • Har eg fordommar? Kan eg gjere noko med dei?
  • Kva slags verdiar vil eg prioritere i livet mitt?
  • Kvar går grensa for det eg vil akseptere hos meg sjølv, i mitt hus?
  • Er det noko eg må jobbe med når det gjeld meg sjølv og haldningane mine?
CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk