Oppgåve: Repetisjon
Repetisjonsspørsmål
Oppgåve 1
Plagiering
- Kva vil det seie å plagiere?
- Kvifor må du ikkje plagiere?
- Kva er konsekvensane dersom plagiat blir oppdaga?
Oppgåve 2
Kjeldebruk
- Gi eksempel på ulike munnlege og skriftlege kjelder du kan bruke i skolearbeidet.
- Kvifor bør du ikkje bruke for mange kjelder?
- Kva kan vere fordelen med å bruke fleire enn éi kjelde?
- Kva slags informasjon kan du bruke utan å måtte vise til kjelda?
- Kvifor er Google notebook eit nyttig verktøy?
- Kva kan du bruke Scrapbook til?
- Kjenner du til andre typar verktøy som er nyttige i arbeidet med kjeldebruk? Beskriv dei.
Oppgåve 3
Kjeldevurdering
- Kvifor er det viktig å vurdere kven som har publisert informasjonen du ønskjer å bruke?
- Kva vil det seie å kryss-sjekke informasjon?
- I kva for tilfelle er det særleg viktig at du sjekkar når websida sist blei oppdatert?
- Kva for nettressurser blir rekna som kvalitetssikra (og derfor til å stole på)?
Oppgåve 4
Wikipedia
- Kva er Wikipedia?
- Gir Wikipedia deg pålitelig informasjon, altså informasjon du kan stole på?
- Kva for reglar gjeld for bruk av innhald (tekst og bilete) på Wikipedia?
Oppgåve 5
Kjeldetilvising
- Kva for stilar eller system for kjeldetilvising kan du lese om på NDLA-sidene?
- Kva er den viktigaste forskjellen mellom dei to systema?
- Kva vil det seie å sitere?
- Når kan du bruke eit sitat?
- Korte og lengre sitat blir markerte på ulike måtar. Forklar korleis.
- Kva vil det seie å parafrasere?
- Korleis markerer du at du har parafrasert?
Oppgåve 6
Litteraturlista
- Kvar finn du litteraturlista i ei oppgåve?
- Nemn to synonym til omgrepet litteraturliste.
- I kva for rekkjefølgje blir kjeldene presenterte i lista?
- Kva for opplysningar om kjelda finn vi i litteraturlista?
- Kvifor må du rekne med trekk i karakteren når du skriv fagartiklar utan litteraturliste?
- Set opp tre av fagbøkene dine i ulike fag i ei litteraturliste. Oppgi om du har brukt Harvard- eller Chicago-stil.
Kompetansemål
Andre ressursar
Frå NyGiv
- Norsk: om film for Ny Giv-elever [+]
- hente, vurdere og anvende fagstoff fra digitale kilder i muntlig og skriftlig arbeid ""
Nøkkelord
Inngår i
Oppgåver frå deling.ndla.no
Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve
