Grønsaker, frukt, bær og belgfrukter

Grønsaker, frukt, bær og belgfrukter er viktige kjelder for kostfiber, vitamin og mineralstoff samtidig som dei bidreg med lite energi.
Kor stor del av kosten matvaregruppa utgjer: Sjå tabell under.
Andel av kostens innhald i %
Opphavsmann: Helsedirektoratet
Grønsaker
Opphavsmann: G & A Scholiers
Brokkoli
Opphavsmann: Zsuzsanna Kilián
Bakt potet
Opphavsmann: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Fruktsalat
Opphavsmann: Opplysningskontorene i landbruket - mat.no, Sarah Cameron, Bent Raanes
Pastasalat
Opphavsmann: Opplysningskontorene i landbruket - mat.no, Eva Brænd
Bær
Opphavsmann: Marta Rostek
Frukt
Opphavsmann: Yucel Tellici
Kor mykje bør vi ete?
Helsedirektoratet anbefaler minst fem porsjonar frukt, bær og grønsaker dagleg, totalt fem om dagen. Anbefalt inntak er om lag 500 g per dag. Ein porsjon tilsvarer omkring 100 g kokte eller rå grønsaker, ein porsjonsbolle med blanda salat, ei lita frukt, omkring 1 dl frukt- eller grønsaksjuice eller 1−1,5 dl bær. For eksempel på fem om dagen følg lenkje i margen på høgre sida.
Danske utrekningar tyder på at for kvar 100 g auke i grønsak- og fruktinntaket så minskar risikoen for hjarte- og karsjukdom med 4−10 prosent, og at 3000 dødsfall ville kunne førebyggjast årleg dersom alle danskar åt 500 g frukt og grønsaker dagleg.
Kvifor bør vi ete frukt og grønsaker?
Sjølv om forskinga ikkje har avklart kva stoff og kva mekanismar som forklarer den gunstige helseeffekten av frukt og grønsaker, er det gode vitskaplege haldepunkt for at inntak av frukt og grønsaker vernar mot ei rekkje kroniske sjukdommar, som kreft, hjarte- og karsjukdommar og type 2-diabetes. Vi bør derfor ete mykje og variert av ulike typar grønsaker, belgfrukter, frukt, bær, nøtter og urter.
Mange forskarar meiner antioksidantane som finst i frukt og grønsaker, er ansvarlege for mykje av den vernande effekten. Det finst fleire hundre forskjellige antioksidantar i grønsaker og frukt. Kanskje er det samspelet mellom alle dei ulike antioksidantane med kvar sine ulike kjemiske eigenskapar som gjer at dei forskjellige cellene og organa i kroppen blir verna mot skade.
Kor mykje et vi?
I Noreg aukar forbruket av frukt og grønsaker. Frå 1975 til 2005 auka engrosforbruket av grønsaker med 70 prosent og forbruket av frukt og bær med 11 prosent. Rekna om til etande mengd er det samla forbruket av grønsaker, frukt, bær og potetar (utan potetprodukt) cirka 400 g per dag.
Frå 2001 til 2005 har det vore ein betydeleg auke i delen unge som et frukt og grønsaker dagleg, viser ei helsevaneundersøking blant skuleelevar. Det er likevel framleis langt under halvparten som et frukt og grønsaker kvar dag. Ungdommar frå familiar med låg sosial status åt sjeldnare frukt og grønsaker enn dei frå familiar med høg sosial status.
Blant barn og unge var det gjennomsnittlege forbruket av grønsaker, frisk frukt og juice rundt 225−250 g per dag. Berre 10−20 prosent et meir enn 400 g per dag, ifølgje Norkost 2000.
Vaksne et i gjennomsnitt cirka tre porsjonar grønsaker, frukt og juice om dagen, ifølgje kosthaldsundersøkinga Norkost 1997. Berre cirka 10 prosent åt fem porsjonar eller meir per dag. Kvinner et meir grønsaker og frukt enn menn. Dei med lang utdanning har eit høgare inntak av frukt og grønsaker enn dei med kortare utdanning.
Spørjeundersøkingar blant vaksne viser at delen som seier at dei et grønsaker eller frukt og bær dagleg, har auka frå cirka 40 prosent til 60 prosent dei siste ti åra. Denne delen har auka både blant menn og kvinner, men framleis er det færre menn enn kvinner som et grønsaker og frukt dagleg, cirka 50 prosent mot 70 prosent. Undersøkingane viser tydeleg at mange både menn og kvinner framleis ikkje et grønsaker eller frukt dagleg.
I Noreg et både barn og vaksne vesentleg mindre frukt og grønsaker enn i andre land sør i Europa. For eksempel viste ei undersøking i ni europeiske land at norske ungdommar åt vesentleg mindre grønsaker enn ungdommar i dei andre landa, med unntak for Island og Spania. Delen ungdommar som åt frukt dagleg, var 30 prosent i Noreg mot dryge 50 prosent i Portugal.
Dei siste ti åra har det vore gjennomført kampanjar for å auke forbruket av frukt og grønsaker. Dei fleste i befolkninga har framleis eit inntak av frukt og bær og grønsaker som er vesentleg lågare enn anbefalt, og forbruket kunne med fordel doblast.
Juicing - frukt- og grønnsaksjuicer
Opphavsmann: Bama






