Oppbygginga av eit GIS
I GIS er røyndomen skildra ved hjelp av digitale kartdata (geometrien) og tabelldata som inneheld opplysningar om eigenskapane til objekta i kartdataa. Tabelldata kan omsetjast til kartsymbol og visast saman med anna kartinnhald.
For å byggje opp eit GIS må ein gå gjennom fleire fasar. Alle fasane er naudsynte for å kome fram til eit resultat. Fasane omfattar følgjande:
– datafangst, innsamling av data som er grunnlaget i eit GIS
– tilrettelegging for database både for grafiske data og eigenskapsdata
– editering, transformering og oppdatering av data
– analyse
– presentasjon av analyseresultat
Geografisk informasjon må tilpassast den digitale teknologien for lagring og tilarbeiding i ein datamaskin. Dette er ei av koplingane mellom informasjonsteknologien og geografien.
GIS vil som regel ha ein innebygd database, men det er også vanleg å tilby grensesnitt til generelle databaseprogram. Eit slikt grensesnitt kan ha utgangspunkt i eit standard spørjespråk (SQL = standard query language).
Eigenskapsdata kan vere integrerte i den grafiske informasjonen eller opptre som ein separat database med referanse til terrenginformasjonen. Det er mogleg å søkje i systemet ved hjelp av geografiske koordinatar eller visse eigenskapar. Analysane vil kunne vere sette saman av enkle overlagringsoperasjonar (overlay-) eller avanserte simuleringar avhengig av tilgjengeleg programvare. Ein ny trend innanfor GIS er å leggje inn element av kunstig intelligens i programvara for å oppnå raskare søk i store og kompliserte datastrukturar.
GIS kan brukast som eit verktøy for automatisk oppdatering og produksjon av kart, men den største utfordringa ligg i korleis koplinga mellom kartinformasjon og eigenskapsdata (tabelldata) blir nytta til analysar og generering av ny informasjon.
