Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Næringsstoff i kjøt


grillribbe
BBQ ribbe
Matprat.no
bilde av oppdelt lammekjøtt
Lam - grytekjøtt, mørbradstek og plomme Tore H Røyneland
bilde av proteinstrukturen
Proteinstrukturen Mariana Ruiz Villarreal
bilde av en animasjon av feitt
Feitt
Amendor
bilde av marinert entrecote
Marinering av entrecote Astrid Hals

Kjøt er ei viktig kjelde til A-vitamin og B-vitamin, samt til minerala sink, selen og jern. I tillegg bidrar kjøt med energi, protein og feitt.

Både kvitt og raudt reint kjøt inneheld lite feitt og har begge eit høgt innhald av ei rekke livsviktige næringsstoff. Feittinnhald og feittsyresamansetninga er likevel ulik i dei to kjøttypane.

Feittet i raudt kjøt (kjøt frå drøvtyggarar som lam og storfe) har ein større andel metta feittsyrer enn feittet i kvitt kjøt (fjørfe- og svinekjøt). Difor meiner ein at feittet i kvitt kjøt har ein gunstigare feittsyresamansetning enn raudt kjøt.

Dessutan er feittet i lam og storfe som regel meir innsprengt i kjøtet (melert) enn det er i fjørfe og svin. Det er difor vanskelegare å skjere vekk dersom ein ønskjer det.

Næringsstoff i kjøt.

Kjøtt er ei viktig kjelde til næringsstoff.

Kjøt er ein naturleg del av det norske kosthaldet og inneheld fleire viktige næringsstoff som kroppen treng for å kunne fungere optimalt.

Nesten alle nordmenn et kjøt. I ei fersk undersøking om haldningar til kjøt svarar 98% at dei et ein eller annan form for kjøt minst ein gang pr veke1.

Kjøt og kjøtprodukt gir mest protein i norsk kosthald. Proteina som finst i kjøt, er sett saman på ein slik måte at dei dekker kroppens behov. Jern i kjøt finst i den forma som kroppen best kan nyttiggjere seg.

Næringsinnhald

Vi deklarerer ikkje næringsinnhald på kjøtprodukt som er laga av heile musklar eller stykningsdeler.

Skilnader frå dyr til dyr.

Oppbygginga av musklar er ulik frå dyr til dyr, noko som gir ulik feittmarmorering (isprengt feitt i muskelen) med dertil varierande næringsinnhald.

Ei generell deklarering av næringsinnhald kan difor gi feil informasjon i forhold til det produktet du har kjøpt. Som døme kan nemnast at for bacon vil næringsinnhald variere frå den eine enden av baconsida til den andre. Ei kotelett utan feittrand er magrare enn ei kotelett med mykje feitt på.

Protein
Protein inngår i all muskulatur og bindevev i kroppen. Kollagen som bygger opp brusk, sener, tenner, bein, negler og hår, er også protein. En vaksen person på ca 70 kg inneheld ca 12 kg protein.

Alle levande organismar treng protein for å kunne fungere. Protein inngår i all muskulatur og bindevev i kroppen. Kollagen som byggjer opp brusk, senar, tenner, bein, negler og hår, er også protein.

Protein er naudsynt for vekst og for oppbygging og reparasjon av bein, musklar, bindevev, hud, indre organ og blod. Alle celler i kroppen inneheld difor protein. Også antistoff, enzym og hormon er protein som regulerer kroppen sitt stoffskifte. Blod vil til dømes ikkje stivne utan dei rette protein. Ved behov kan protein brukast til energi.

Feitt

Feitt er naturen sin måte å lagre energi på. Den største mengda feitt i kroppen finst i feittvevet som i tillegg til å vere energilager, har som oppgåve å verke som isolasjon og å verna dei indre organ.

Feitt er ein viktig del av den daglege kosten vår. I tillegg til å gi energi, bidrar feittet til å gi maten smak, aroma og konsistens. Feitt i maten tilfører kroppen livsviktige feittsyrer og hjelper til med opptaket av andre avgjerande næringsstoff som til dømes vitaminer.

Feitt er ein viktig del av alle kroppen sine celler. Feitt er

  • utgangspunkt for å få vitamin D i huda
  • utgangspunkt for hormon som til dømes kjønnshormon
  • utgangspunkt for ei rekke signalmolekyl
  • nødvendig medhjelper i en rekke enzymreaksjonar
  • regulator for avlesing av cella sitt arvemateriale

Kroppen vår må tilførast feitt, men inntaket av feitt bør ikkje vere for høgt. For høgt feittinntak har negative effektar på helsa vår.

Det er store skilnader på feittinnhald i ulike kjøtprodukt. Reint kjøt har berre 2-6% feitt, medan blandingsprodukt som pølse kan ha opptil 20% feitt. Dersom du ønskjer kjøt med lite feitt, bør du velje reinskore kjøt og kjøtstykke kor du kan skjere av synleg feitt.

Karbohydrat
Kjøt inneheld ikkje karbohydrat og bidrar dermed ikkje til auka mengd glukose eller insulin i blodet.
Kjøt er difor ein naturleg del av ein låg-GI-kost (glykemisk indeks). Nyare forsking viser at auka inntak av protein gir auka kjensle av å vere mett. Kjøt er rikt på protein og er dermed ein naturleg del av kosten for personar som ønskjer å redusere vekta.

Vitaminer.
Vitaminer er ei gruppe stoff kroppen treng for energiproduksjon og vekst. Kroppen kan sjølv ikkje produsere vitaminer. Dei må difor tilførast gjennom maten. Det finst både vatnløyselege (vitamin B-gruppa og vitamin C) og feittløyselege (vitamin A, D, E og K). Kjøt er ei god kjelde til vitamin B1, B2, B3 og B12.

Ordet ”vita” betyr liv. Vitaminer er eit samleomgrep på ei gruppe stoff kroppen treng for å kunne fungere. Dei spelar ei rolle for energiproduksjon og vekst, og jobbar saman både med kvarandre og med andre næringsstoff slik at hjartet kan slå, skjelett og immunforsvar kan fungere som det skal, maten kan fordøyast og for å halde hud og hår frisk.

Vitaminene gir ikkje energi, og finst i mange ulike matvarer. Mengda vi treng, er svært liten. For at stoff skal kunne kallast eit vitamin, må det føreligga bevis for at kroppen treng det i små mengder, og at mangel på dette stoffet fører til ein tilstand som blir borte når stoffet blir tilført igjen.

Vitaminene blir delt inn i to store grupper etter deira evne til å løyse seg i vatn (vatnløyselege) og i feitt (feittløyselege). Sjølv om den kjemiske oppbygginga av alle vitaminene innan kvar gruppe er forskjellige, vil desse to gruppene ha nokre fysiske og biologiske eigenskapar felles.

Vatnløyselege vitaminer

Feittløyselege vitaminer

- Løyser seg i vatn

- Løyser seg i feitt

- Lagrast ikkje i kroppen

- Blir lagra i kroppen (varierande grad)

- Overskot blir skilt ut i urin

- Blir brotne ned før dei blir skilde ut, ofte saman med galle

- Liten fare for forgifting

- Store dosar over lengre tid kan gi forgifting


Sporstoff
Sporstoff er grunnstoff som kroppen treng relativt små mengder av for å fungere optimalt. Kjøt er ei god kjelde for sporstoffa jern, sink og selen.

Sporstoffa er mineral som kroppen treng små mengder av for å fungere optimalt. Alle mineral er grunnstoff som opphavleg kjem frå jordskorpa og blir overført derifrå til planter som menneske og dyr et. Mengda mineral i plantene vil difor vere avhengig av kor mykje mineral som finst i jorda der dei veks.

Minerala blir vanlegvis delt inn i to grupper ut frå tilrådd dagleg tilførsel. Dersom anbefalt inntak er over 100 mg/g, snakkar ein om mineral som til dømes kalsium, fosfor og magnesium (ofte kalla beinmineral fordi dei er viktige komponentar i skjelettet). Mineral der tilrådd inntak er lågare enn 100 mg/dag, blir kalla sporstoff.

Både mineral og sporstoff inngår i enzymsystem som styrer mange av kroppen sine funksjonar.
Kjøt inneheld lite av det som blir kalla for mineral, men er ei god kjelde for sporstoffa jern, sink og selen

Fysisk aktivitet

Kva meiner ein med fysisk aktivitet?

Fysisk aktivitet er alle rørsler med kroppen som resulterer i auka forbruk av energi. Dette inkluderer daglege aktivitetar som fører til at vi er i aktivitet, slik som til dømes gåing, sykling, husarbeid, handling.

Korleis er fysisk aktivitet viktig?
Kroppen vår er skapt for mosjon. Fysisk aktive menneske lever lengre og har betre helse enn de som ikkje er aktive. I kombinasjon med et sunt kosthald gir regelmessig fysisk aktivitet grunnlag for god helse. Alle funksjonar i kroppen fungerer betre når kroppen er i regelmessig aktivitet. Dette gjeld blant anna apetittregulering og fordøying av maten vi et.

Kor mykje bør vi bevege oss kvar dag?
Det er ikkje mykje som skal til. I denne samanheng er det viktig å påpeike at alle monnar drar. Lista nedanfor viser korleis ein enkelt kan gjere kvardagen meir aktiv, og dermed oppnå helsegevinstar utan eigentleg å tenke over det. I tillegg er det lurt til dømes å gå ein halvtimes tur så ofte ein kan eller finne andre former for aktivitet som ein trivst med. Jo meir fysisk aktiv ein er, jo betre er det for helsa.

  • Gå eller sykle i staden for å bruke bil.
  • Ta trappa i staden for heisen.
  • Må du ta buss eller tog, gå ein eller to haldeplassar før du går på.
  • Snømåking er styrketrening.
  • Hagearbeid gir god mosjon.
  • Vask av hus og bil gir også god mosjon.
  • Ballspel, ein tur på ski eller i symjebassenget er flott trim.

 

 

Tilrå
15

Oppgåver

Andre ressursar

Frå deling.ndla.no

  • Tilbereding av kjøtt [+]
    • Dekkjer delvis "gjere greie for råvarer, mat og drikke som inngår i restaurant- og matfaga, næringsinnhald, eigenskapar og bruksområde

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve