Satellittar kartlegg og overvakar rasfare og nedsøkking
Dei største naturkatastrofane i Noreg har vore knytte til ulike typar skred. Statistisk sett kan vi vente rundt ti store fjellskred, leirskred og snøskred i løpet av dei neste hundre åra. Vi kan ikkje hindre slike naturkatastrofar å finne stad, men kartlegging og overvaking gjer det mogleg å redusere skadeverknadene og å redde liv.
Satellittbasert overvaking av det rasfarlege Lyngen-området, Troms. Raud farge indikerer stader med størst nedsøkking.Opphavsmann: Norut
Rasfare kan best overvakast i to steg, med ei grov, satellittbasert, heildekkjande kartlegging av rasfarlege område, og med meir nøyaktig oppfølging av utsette område der den grove kartlegginga syner at det kan vere rasfare. Fleire rasfarlege område er identifiserte, som Åknes/Tafjord i Møre og Romsdal og Lyngen i Troms.
Med radarinstrument om bord på satellitt er det mogleg å kartleggje rørsler i fjellparti på millimeternivå. Dette er ei ny og unik moglegheit til å nytte satellittdata til samfunnsnyttig føremål. Forutan å kartleggje rasfarlege område kan metoden brukast til å måle nedsøkking og rørsler på bakken. Ein styrke ved satellittbasert kartlegging er at ho gir høve til å gjere opptak over store geografiske område. Det er dermed ikkje naudsynt å kjenne til utsette område på førehand, og ofte kan slik satellittbasert kartlegging avsløre nye utsette område som det kan vere behov for å følgje utviklinga til.
Bruk av satellittdata til kartlegging av rasfare og nedsøkking
I byrjinga var merksemda rundt bruk av satellittdata for å kartleggje geologiske tilhøve retta mot optiske satellittdata (Landsat-data) for å kartleggje sprekkar i jordskorpa, noko som kunne vere veike soner ved større konstruksjonar som dammar, bruer og tunellar. Bruksområdet var avgrensa til større overflateobservasjonar.
Dagens metode, der ein kartlegg rasfare og nedsøkking ved SAR-interferometri, er ein ny og unik bruk av satellittdata. SAR (syntetisk aperturradar)-interferometri – InSAR – vil seie at to eller fleire radarbilete av same punkt blir kombinerte slik at det kan gjerast svært nøyaktige målingar av rørsler på landjorda mellom ulike datainnsamlingar.
Den europeiske satellitten Envisat har ei bane som blir repetert kvar 35. dag, noko som gir unike høve til å overvake jordoverflata. Dersom eit punkt på bakken har flytta på seg mellom bileta, så kan dette målast svært nøyaktig.
Det blir planlagt rutinemessige og systematiske opptak med den kanadiske satellitten RADARSAT over aktuelle område i Noreg. Ein slik tidsserie vil leggje grunnlaget for å gjere ei kartlegging av alle potensielt rasfarlege område i Noreg.
RADARSAT-2 er ein betre satellitt enn RADARSAT-1 for SAR-interferometri, og den europeiske forskingssatellitten Sentinel-1 vil bli ein betre satellitt enn Envisat.


