Oppgåve

Gruppeoppgåve: Berekraftig utvikling og miljøpolitikk

Luftforurensning

Dette er ei gruppeoppgåve om berekraftig utvikling. De vil ha ein skuletime på dykk. Les fagstoffet som er relatert, før de svarer på spørsmåla.

Oppgåve 1

Les Kva er berekraftig utvikling? og Berekraftig utvikling (sjå relasjonar).

Svar på spørsmåla nedanfor. Den som har mest raudt på seg, skriv.

1. Når og kor blei den første globale miljøkonferansen halden?
2. Kva var resultatet av denne konferansen?
3. Kva utfordringar gjorde Brundtlandkommisjon-rapporten "Vår felles framtid" frå 1987 greie for?
4. Kva moment er det omgrepet berekraftig utvikling omfattar? Forklar og djup ut.
5. Kva tyder
a. fornybar ressurs?
b. ikkje-fornybar ressurs?

Oppgåve 2

Les Miljøproblem og miljøpolitikk.

Svar på spørsmåla nedanfor. Den som har mest blått på seg, skriv.

1) Kva er dei to produksjonssystema vi har?
2) Kva kjenneteiknar dei to produksjonssystema?
3) Kva er motsetnaden mellom dei to produksjonssystema?
4) Kva har befolkningsveksten å seie for ressursforvalting og miljø?
5) Kva har urbanisering å seie for ressursforvalting og miljø?
6) Kva kan auka havnivå føre med seg, og for kven kan det få innverknad?
7) Idémyldring: Kva kan vi gjere for å fremje berekraftig utvikling?

Dei som har skrive, sender notata til dei andre på gruppa. Alle legg notata i leksemappa.

Relatert innhald