Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Informasjon frå jordobservasjonssatellittar

Satellittdata gir ny og verdifull informasjon knytt til både lokale, regionale og globale problemstillingar. Når satellittinstrumenta gjer opptak, gjer dei det like enkelt i sentrale strok som i fjerne og utilgjengelege strok.

Havoverfltetemperatur fra satellittHavoverflatetemperatur frå satellitt.
Opphavsmann: Space Science and Engineering Center, University of Wisconsin-Madison

 

Snødekke og havis på nordlige halvkule 28. mars 2008. Bildet er basert på NOAA-data.Snødekke og havis på den nordlege halvkula 28. mars 2008. Biletet er basert på NOAA-data.
Opphavsmann: University of Illinois at Chicago

 

Global ozonkonsentrasjon 26.03.2010Global ozonkonsentrasjon 26.03.2010.
Opphavsmann: ESA

 

Alt etter kva instrument som er om bord, blir alt frå detaljerte data over relativt små område til grove data som gir oversyn over store område, samla inn. Styrken til satellittdataa er at dei gir systematiske og relativt hyppige opptak over relativt store område med einskaplege metodar. Dataa kan vere tilgjengelege hos brukarane berre nokre få timar etter opptak.

Observasjonar frå satellittar blir gjorde uavhengig av landegrenser, og observasjonane kan gjerast i stadig større detalj. Det blir også utvikla nye typar instrument som gir moglegheiter for andre og meir spesielt tilpassa observasjonar enn dei som finst i dag.

Dei ulike satellittobservasjonane kan nyttast på mange måtar, både i forsking for å auke forståinga av prosessar, i forvalting for å få oversyn som grunnlag for planlegging, og i operativ drift for å overvake endringar, til dømes i landskapet eller i havet. Det har synt seg svært nyttig å integrere satellittdata med andre typar data. Da kjem ofte fordelane med ei stendig dekning av relativt store område til synes. Dersom satellittdata blir brukte aleine, må dei vere testa mot bakkemålingar og vere representative i tid og rom.

Dei ulike måtane å bruke satellittdata på stiller ulike krav til kunnskap, tilgjengeleg teknologi, produkt, tenester og økonomi.

Bruk av satellittdata

Utviklinga sidan den første jordobservasjonssatellitten blei skoten opp i 1960, har gradvis gjort det mogleg å nytte denne typen data på stadig nye område. Det er karakteristisk innan dei fleste bruksområda at satellittinformasjon berre er ein del av datagrunnlaget, men ofte ein relativt vesentleg del.

Å utarbeide vêrvarsel er i dag heilt utenkjeleg utan bruk av satellittar. Vêr- og skysystem beveger seg hurtig rundt kloden, dei endrar fort retning og er ofte store i utstrekning. Basisgrunnlaget for å utarbeide vêrvarsel er systematiske målingar på jordoverflata, ballongslepp i atmosfæren, matematiske modellar og ulike typar satellittobservasjonar.

Forsking og forvalting i store, utilgjengelege område som i Arktis og Antarktis nyttar satellittdata til dømes i produksjon av kart, overvaking av isbrear, iskant og havisutbreiing.

I 1980-åra kunne vi første gongen observere ozonholet over Antarktis frå satellitt. Tidlegare fanst berre punktmålingar frå bakken. Målingane synte ikkje den arealmessige utbreiinga av ozondekket. Til gjengjeld gir desse punktmålingane ei god klarlegging av ozon i dei ulike laga av atmosfæren, mens satellittmålingane berre synte total konsentrasjon gjennom heile atmosfæresøyla.

Golfstraumen kan også observerast frå satellitt. Instrument om bord i satellittar kan registrere overflatetemperaturar i hava med éin grads presisjon. Golfstraumen startar i Mexicogolfen og beveger seg nordaustover i Atlanterhavet før han når heilt opp til nord for Svalbard. Det varme vatnet i Golfstraumen blandar seg med det relativt kalde kystvatnet langs landområda og lagar store kvervlar. Golfstraumen er viktig både for busettinga og næringsgrunnlaget for befolkninga i Noreg. Jordobservasjonssatellittar har no gjort det mogleg å overvake Golfstraumen.

Oppdatert bilete som syner havoverflatetemperaturen registrert frå satellitt, finst til dømes på nettsida til Space Science and Engineering Center, University of Wisconsin-Madison.

Ureining er eit problem som aukar i samfunnet vårt. Også her kan satellittar vere til hjelp, anten ved at dei oppdagar ureining av ulike slag tidleg, syner omfang og verknader av utslepp og peiker til mogleg kjelde, spesielt frå faste installasjonar. Tilsig frå elver til hava kan i somme kystområde gi ulike typar ureiningar, og satellittdata kan bidra til at ein kan følgje slik ureining over tid.

Tilrå
8

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Oppgåver

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve