Sveising
Sveising er ein metode for samanføying av delar av metall eller plast.
En sveiser i arbeid
Fotograf: David Moir
Les mer om sveisemetoder fra Store Norske Leksikon
Her finn du ein rekke filmar om forskjellege sveisemetodar Filmar sveising
Pressveisetang
Fotograf: Industriskolen
Manuell buesveisingFotograf: Industriskolen
ESAB er den største leverandøren av sveiseutstyr i Norge
Norsk Sveiseteknisk Forbund har som formål å framme sveiseteknologisk kunnskap, kvalitet og teknisk informasjon i Norge
MIG sveiser med esab utstyr
Fotograf: Industriskolen
Sveising TIG-metoden
Fotograf: Industriskolen
Introduksjon til Internasjonal Welder (IW) Sveising
Her kan du lese meir om det å
Smeltesveising og pressveising
Sveising blir delt inn i to hovudgrupper: smeltesveising og pressveising.
Det karakteristiske for smeltesveisinga er at metalla blir smelta − det vil seie blir flytande. Sveisesamanbindinga blir danna ved at metalla størknar etterpå.
Ved pressveising blir derimot ikkje smeltetemperaturen til metallet oppnådd, men temperaturen blir så høg at fugeflatene blir plastiske − det vil seie mjuke.
Fugeflatene blir lagde mot kvarandre. Når dei seinare blir pressa saman under oppvarming, oppstår rekrystallisering. Rekrystallisering inneber at det blir danna nye krystallar i metalla. Krystallane veks saman over fuga og dannar sveisesamanbindinga.
Bogesveising
Bogesveising er éi form for smeltesveising. Varmen kjem frå den elektriske lysbogen der temperaturen går opp til mellom 5000 og 15 000 ºC avhengig av kva bogesveisemetode som blir brukt.
Metallbogesveising
Ein deler bogesveising inn i to hovudtypar: metallbogesveising og gassbogesveising.
Hovudtypane blir igjen delte opp i individuelle sveisemetodar.
Karakteristisk for manuell bogesveising er at ein for hand fører ein elektrode langs materiala. Elektroden er bygd opp av ein kjernetråd som er belagd med eit dekke.
Kjernetråden har to funksjonar. Dels leier han sveisestraumen, dels leverer han sveisegods eller sveiseavsett til fuga.
Det blir danna slagg som legg seg rundt metalldropane under transporten i lysbogen og dekkjer smeltebadet. Elektrodedekket utviklar òg gassvern. Derved blir oksygenet og nitrogenet i lufta hindra i å reagere kjemisk med sveisegodset slik at fastleikseigenskapane blir reduserte. Dekket har òg til oppgåve å skape ein stabil lysboge som lettar sveisearbeidet. Manuell metallbogesveising er den vanlegaste sveisemetoden. Han blir brukt ved sveising av stål, støypejern og dei fleste ikkje-jernmetall.
skjul
Gassbogesveising
Ei anna form for smeltesveising er gassbogesveising. Ein deler
gassbogesveisinga inn i to hovudgrupper:
- gassmetallbogesveising
- gasswolframbogesveising
Felles for desse er at éin eller fleire gassar kontinuerleg blir tilførte rundt lysbogen. Vi skal sjå på gassmetallbogesveising her, mens gasswolframbogesveisinga blir tema i fordjuping eller under VG2-pensum.
Gassmetallbogesveising
Gassmetallbogesveising omfattar to variantar: MIG-sveising og MAG-sveising. Prinsippa for metodane er dei same. Forskjellen ligg i den gassen som blir brukt for å verne metalldropane og smeltebadet. Tilsettmaterialet består av ein kontinuerleg frammata metalltråd og vernegass.
Ved MIG-sveising blir vernegassen argon og/eller helium brukt. Ved MAG-sveising blir den billigare vernegassen karbondioksid eller ei blanding av argon og karbondioksid brukt.
Ved MAG-sveising kan det nyttast røyrtråd i staden for massiv metalltråd. Røyrtråden inneheld metall og slaggdannarar i pulverform. Ein variant av røyrtråd kan òg sveisast utan vernegass.
MIG-sveising blir hovudsakleg brukt ved sveising av
aluminium og aluminiumslegeringar. For lettare å kunne kontrollere
varmetilførselen ved MIG-sveising nyttar ein somme gonger ein pulserande lysboge.
Det største bruksområdet til MAG-metoden er tilverking av stålkonstruksjonar av tynne og mellomtjukke plater. Både MIG- og MAG-sveising blir somme gonger brukt for punktsveising òg.
Sveisesamanbindingar
Uansett kva for ein sveisemetode ein bruker, så er sveisesamanbindinga svært viktig.
Ein må velje fugeform, frå- eller motsveising, elektrodetype osv. Det er òg viktig at ein lærer å vurdere det arbeidet som er gjort. Er sveisen riktig utført? Er det god innbrenning? Osv.
Sveisefeil
Det er svært viktig at ein sveis ikkje inneheld feil. Dei mest vanlege feila kan vere kantsår, porer i sveisen og bindefeil. Dei fleste feila kan ein unngå ved bruk av riktig utstyr, sveiseparameter som straum, fart og metode. Jo flinkare ein er til å sveise, jo mindre feil blir det i sveisen. Øving gjer meister!
Sveising av plast
Sveising er den mest brukte samanføyingsmetoden for materiale av termoplast. Buttsveising blir utført ved at endane blir varma opp, og at dei deretter blir trykte saman. Plasten er då i ein plastisk tilstand, og han stivnar etter kvart som han blir avkjølt. Prinsippet for buttsveising er å varme opp endane av to røyr som skal sveisast saman. Det er viktig at endane er reine i kutta. Dei same reglane gjeld for muffesveising. Her blir òg endane varma opp med eigna utstyr, som blir fjerna fort, og deretter blir muffa montert på dei varme røyrendane.
