Fagstoff

Samskrive.ndla.no

Publisert: 05.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Samskrive

NDLA sitt eige samskrivingsverktøy 'samskrive.ndla.no', byggjer på open-sourceprogrammet Etherpad.  Samskrivingsverktøyet Etherpad blei kjøpt opp av Google våren 2010, og blei deretter stengt. Det lever no vidare som NDLA sitt samskrivingsverktøy.


Kva kan vi bruke samskrive.ndla.no til?

Programmet er eit godt verktøy for samskriving eller prosessorientert skriving. Det er ikkje krav om å logge seg på for å bruke dette programmet, og det er derfor ein lav terskel for å ta det i bruk. Ein startar programmet ved å skrive samskrive.ndla.no i adressefeltet i nettlesaren. Programmet svarer med automatisk å opprette eit samskrivingsdokument, for eksempel http://samskrive.ndla.no/RocrprT83v, eller du kan velje å bytte ut namnet bak /RocrprT83v med et eigekomponert namn, som for eksempel http://samskrive.ndla.no/terje-gruppe.

Opp til 32 personar kan skrive samtidig i denne versjonen av programmet. Når du brukar programmet ser du korleis teksten dukkar opp ettersom andre skriv. Elevane slepp å skrive i kvart sitt dokument. Dei treng heller ikkje å ”klippe” og ”lime” saman ulike dokumenter for å lage eitt dokument. Mange er også lite kjende med å spore endringar i teksthandsamarar. Slik sporing av endringar blir fort rotete og uoversiktleg. I samskrive.ndla.no, er sporing ikkje nødvendig. Her blir alle endringar oppdaterte med ein gong.

Introduksjonsvideo for samskriving på NDLA 

Notat i timen

Elevar kan for eksempel bruke verktøyet til å ta notat i timen. Deretter kan ein eksportere teksten til teksthandsamaren, arbeide vidare med han, og laste han opp i læringsplattforma. Då kan alle nytte seg av notata, lage sine eigne personlege notat, og læraren kan sjå kva som har blitt produsert.

Lagring

Dokumentet som blir skrive blir liggande på nettet under den url'en som blei laga da ein oppretta dokumentet. Husk i så fall url'en. Det er den einaste moglege måten å finne tilbake til dokumentet på. Kven som helst som har tilgang til dokumentet kan fortsette å skrive og redigere i dokumentet, også det andre har skrive. Du kan også lagre dokumentet på eiga maskin, og arbeide vidare med det i teksthandsamaren der.

 

Relatert innhald

Generelt