Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Arbeid i laboratorium

skjermdump, elektrolyselab.jpg

Undersøkingar, eksperiment og observasjonar er grunnlaget for hypotesar og teoriar i naturfag. Laboratoria, ved sidan av naturen sjølv, er staden der mykje av den systematiske leitinga etter kunnskap og samanhengar skjer.

Å arbeide i eit laboratorium er spennande, men kan òg vere farleg viss du ikkje har oversikt over kva du skal gjere. Er du trygg, blir alt mykje meir morosamt, og det faglege utbyttet blir større.

eForelesing om tryggleik i laboratoriet
Forfatter: Einar Berg, Kristin Bøhle, Elin Albertsen, Frøydis Hamre
Leverandør: Amendor
Redaksjonelt: Bjørg E. B. Aurebekk

 

eForelesing om tryggleiksdatablad
Forfatter: Einar Berg, Kristin Bøhle, Elin Albertsen
Leverandør: Amendor

 

eForelesing om labøvingar
Opphavsmann: NDLA, Amendor

 

 

Simulering: Virtuell lab med elektrolyse.
Amendor


Simulering: Virtuell lab om radioaktivitet
Amendor

Laboratoriet er spesielt og spennande

Somme blir så nysgjerrige at det kriblar i dei når dei kjem inn i eit laboratorium, andre synest det er litt skummelt med alt utstyret og farane som lurer. Når du blir kjent med utstyret og veit korleis det skal behandlast, blir det lettare å jobbe og meir interessant og morosamt.

Hva inneheld eit laboratorium?

Alt etter om skolen din har spesialiserte laboratorium for biologi, kjemi og fysikk, vil kvar lab innehalde meir eller mindre av

  • fysikkutstyr
  • biologiutstyr og preparat
  • kjemiske stoff som kan vere giftige eller brannfarlege
  • glasreiskapar og anna ømfintleg utstyr
  • straumkjelder og elektriske apparat
  • radioaktive stoff
  • gass og gassbrennarar

Kan du berre setje i gang med forsøk?

– Nei, dessverre er det som regel ikkje slik. I dei fleste tilfella skal elevane gjennomføre eit eller fleire forsøk som læraren har førebudd. Det er likevel ikkje noko i vegen for å slå føre eksperiment sjølv, men desse må læraren godkjenne før du set i gang.

Laboratoriereglar

Faksimile av ordensreglerEksempel på ordensreglar.
Opphavsmann: Kristin Bøhle

Det viktigaste å tenkje på når du arbeider i eit laboratorium, er tryggleik og orden. Det er mange elevar og lærarar som bruker rommet i løpet av ei veke, og viss ordensreglane ikkje blir følgde, blir det veldig raskt ein rotete og upraktisk arbeidsplass.

NDLA har fått laga tre eForelesingar om arbeid i laboratorium. Ei handlar om tryggleik i laboratoriet, ei om tryggleiksdatablad, og ei tek for seg korleis du kan gjennomføre eit forsøk, frå førebuingane til ferdig rapport. eForelesingane og skolereglane skal lære deg å

  • velje verneutstyr
  • førebyggje mot farlege situasjonar
  • handtere syrer og basar
  • varme opp og koke løysningar
  • behandle glasutstyr
  • gjennomføre førstehjelp ved skadar
  • vaske og rydde etter deg

 

Tryggleik

Det er nokre grunnreglar som er viktige å passe på for å unngå skadar, som at du skal

  • bruke vernebriller
  • ikkje tømme vatn i syre
    “Vatn i syre er uhyre - Syre i vatn går an”. (SIV)
  • vere forsiktig når du handterer glas og korkar
  • unngå støytkoking, ikkje peike reagensrør mot nokon når du koker
  • ikkje ete og drikke på laboratoriet
  • vere forsiktig med kjemiske stoff

Tilrå
39

Andre ressursar

Frå deling.ndla.no

  • Den vitenskapelige arbeidsmetoden [+]
    • Dekkjer delvis "planlegge og gjennomføre ulike typer undersøkelser i samarbeid med andre der en identifiserer variabler, anslår måleusikkerhet og vurderer mulige feilkilder

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve