Skriv ut Lytt til tekst
 
Rettleiing

Samfunnsfag, innleiing

I samfunnet

Kva handlar eigentleg samfunnsfag om? Kva meiner vi med "samfunnet"? Er det lokalsamfunnet der du bur? Er det regionen du bur i, Noreg, eller er det den store verda? Alt dette er rett.

I Samfunnsfag ser ein på korleis det politiske samfunnet er bygd opp, på korleis styringa av landet er på ulike nivå, og på forholdet vårt til land, organisasjonar og menneske andre stader i verda.

Men vi ser ikkje berre på samfunnet rundt oss; du som individ er også viktig her. Du er ein del av samfunnet – eit samfunn som gir deg rettar og moglegheiter, men også plikter. Du treng kunnskapar om desse rettane og pliktene dersom du skal vere eit aktivt medlem av samfunnet, dersom du skal kunne gi grunnar for synspunkta dine og gjere gjennomtenkte val i framtida.
Ifølgje læreplanen er eit av føremåla med samfunnsfag å gjere deg medviten både korleis den sosiale fellesskapen påverkar haldningane, kunnskapane og handlingane dine, og korleis du kan påverke fellesskapen og din eigen livssituasjon.1

Sidan faget er så omfattande, er det delt inn i fem hovudområde:

  • Individ og samfunn
  • Arbeidsliv og næringsliv
  • Kultur
  • Politikk og demokrati
  • Internasjonale forhold


Kvart av desse hovudområda har kompetansemål som seier noko om kva du må lære deg og kunne noko om for å bestå faget. Men i samfunnsfag ønskjer vi ikkje at du berre skal tenkje på å få god karakter eller stå til eksamen, men at dei kunnskapane du får i dette faget, skal kunne vere til nytte i kvardagen din.

Sentrale spørsmål du skal kunne svare på eller drøfte gjennom dette året, er:

  • Kven og kva påverkar meg?
  • Kva slags rettar og plikter har eg i arbeidslivet?
  • Korleis fungerer velferdsstaten i Noreg, og i kva slags situasjonar kan eg møte dei ulike velferdsordningane?
  • Korleis røyster eg ved politiske val?
  • Kva kultur høyrer eg til i? Korleis er det å leve i eit fleirkulturelt samfunn?
  • Kva er skilnaden mellom urfolk og etniske minoritetar?
  • Kva er globalisering? Korleis påverkar globaliseringa livet mitt?
  • Korleis kan forbruket mitt ha noko å seie for miljøet?
  • Kva er makt, og har Noreg makt i verda?


Vi vil sjå på kva som styrer relasjonane mellom oss som enkeltindivid og grupper, og korleis vi ordnar mellommenneskelege forhold i meir formelle samanhengar gjennom lover og reglar.

Eit mål du bør ha for deg sjølv, er at du gjennom dette året med samfunnsfag skal tileigne deg så mykje kunnskap at du forstår deg sjølv i samfunnet, Noreg og verda, slik at du på lett kan følgje nyheitene på tv, radio og Internett. Du skal kunne, bruke og meine noko om saker som omgir oss kvar dag, slik at du kan bli eit aktivt samfunnsmenneske.

Tilrå
32

Kompetansemål

Relasjon

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve