Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Kvifor trene spenst?

Du vil kunne finne eksempel både frå idretten og dagleglivet der du har glede av å ha god spenst.

jente hopper opp og smasher i volleyballSpenst i volleyball.
Fotograf: Itsuo Inouye

jente hopper lengdeSpenst i lengde.
Fotograf: Kyrre Lien
 

 

person hopper fra brygga til båtenÅ hoppe lett frå bryggja til båten er kjekt.
Fotograf: Morten Holm
  

 

jente trener over hinder, ute i hinderløypeHinderløypa på krigsskulen inneheld òg trening av spenst.
Fotograf: Morten Holm
  

 

I idretten

I volleyball vil spensten for eksempel vere avgjerande for ein god smash. I lengde er spensten avgjerande for å få til eit langt hopp, sjå animasjonen i høgre kolonnen. Det å hoppe høgt og langt har alltid blitt sett på som viktige eigenskapar i idretten. Dette avspeglar seg i historia heilt tilbake til i dei gamle greske olympiadane, der lengde og høgde var to viktige disiplinar dei kjempa i. Trening av spenst vil heilt sikkert fremje prestasjonane dine.

I dagleglivet

I dagleglivet koplar vi ofte spenst saman med å ha ein lett gange. Det er moro å kunne hoppe lett, kjenne at ein meistrar å hoppe frå båten til bryggja eller hoppe opp gjennom trappetrinna. Ein tenkjer vanlegvis ikkje over korleis ein hoppar og spring, men når barn leiker, kan ein lett sjå gleda i ansikta deira når dei meistrar slike utfordringar. Det er viktig å gi barna utfordringar når det gjeld spenst, med fokus på leikprega aktivitetar som til dømes strikkhopp og tauhopp.

Frå tenåra og oppover kan ein bli meir medviten om kva øvingar ein vel å gjere, det vil kunne gi opplevingar du har glede av.

I arbeidslivet

I arbeidslivet vil det å ha ein god spenst vere ein positiv eigenskap. Generelt kan vi seie at alt fysisk arbeid vil gå lettare, og vi får ein betre rytme og betre flyt i arbeidet med gode spensteigenskapar.

Finn øvingar og opplegg der du må streve litt, men framleis gjennomfører utan å miste motet. På neste side finn du nokre idear for korleis du kan trene spenst.

Tilrå
6

Fagleg

Dekkjer delvis

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve