Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikativ kompetanse

Kommunikativ kompetanse handlar om å kjenne til reglar for språkbruk og oppførsel i ulike situasjonar, til dømes når vi skal helse på nokon.
Ein mann og ei dame helsar nase mot nase. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er kommunikativ kompetanse?

Frå vi er små, lærer vi korleis vi skal oppføre oss i forskjellige situasjonar. Vi lærer kva vi kan seie, til kven, når, kvar og på kva måte. Denne viktige kunnskapen kallar vi kommunikativ kompetanse.

At kommunikativ kompetanse er noko som vi må lære, oppdagar vi gjerne når vi reiser utanlands og skal kommunisere på eit framandt språk. Då er det ofte ikkje berre språket som er uvant. Like gjerne kan det vere at vi lurer på korleis vi skal oppføre oss i ein konkret situasjon: Skal vi bruke du- eller De-form overfor vaksne vi ikkje kjenner? Kva seier vi dersom vi har dulta bort i ein person på gata?

Konvensjonar

Reglane for korleis vi skal oppføre oss i bestemte situasjonar, kallar vi konvensjonar. Ulike kulturar kan ha ulike konvensjonar for oppførsel. I mange land bruker ein til dømes ordet "takk" mykje oftare enn i Noreg. Ein nordmann på besøk i utlandet kan verte oppfatta som uhøfleg dersom han ikkje rettar seg etter denne konvensjonen. Helsemåtar er eit anna døme på noko som kan variere mykje frå land til land. Personane på biletet ovanfor utvekslar for øvrig ein hongi, ei formell, tradisjonell maori-helsing. Ifølgje maori-tradisjonen skal dei to som helser, dele eit andedrag med kvarandre.

Relatert innhald

Du som skal jobbe i helse-og oppvekstsektoren, vil treffe mange ulike menneske kvar einaste arbeidsdag.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2018

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?