Hopp til innhald

Fagstoff

Språkfunksjonar og retorikk

Språket er eit verktøy som vi bruker for å uttrykkje kjensler, for å formidle informasjon og for å påverke dei vi vender oss til.
Språket som trekant i midten. Ut frå spiss éin står det verda, med ei teikning av ein klode og teksten informativ funksjon. Frå spiss to står ordet du og appellativ funksjon, og det er teikning av ein person som snakkar til ein annan. Frå spiss tre står det ordet eg og ekspressiv funksjon, samt teikninga av ein person med hjarte i brystet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi vil noko med det vi seier

Vi vil alltid oppnå noko med det vi seier eller skriv: Den som presenterer vêrmeldinga på tv, vil informere sjåarane. Den som skal halde ein bryllaupstale, vil gi uttrykk for kjenslene sine, og den som utarbeider ein reklamekampanje, har til hensikt å påverke forbrukarane. Uansett kva det er vi ønskjer å formidle, bruker vi eitt og same verktøy, nemleg språket vårt. Vi seier at språket har

  • ein informativ funksjon, fordi det seier noko om verkelegheita
  • ein ekspressiv funksjon, fordi det fortel noko om haldningane og kjenslene våre
  • ein appellativ funksjon, fordi det påverkar personen vi snakkar med eller skriv til

Eit døme: vêrmeldinga

Vêrmelding på NRK, med meteorolog i forgrunnen og nordre del av noregskart i bakgrunnen. Det blir varsla lettskya vêr. Foto.

Vanlegvis er det slik at éin bestemd språkfunksjon dominerer i ein tekst – det vil seie at vi oppfattar den som den viktigaste. Til dømes ser vi vêrmeldinga på fjernsyn, fordi vi ønskjer å vite korleis vêret blir framover. Det er altså informasjon vi først og fremst er ute etter.

Likevel er òg dei to andre funksjonane, den ekspressive og den appellative, alltid med: Uttrykksmåten til vêrmeldarane røper humøret og personlegdommen deira og seier noko om dei sjølve. I tillegg påverkar vêrmeldarane oss gjennom det dei seier. Dei kan setje oss i godt eller dårleg humør, alt etter kva slags vêr dei melder. Kanskje vi må droppe sykkelturen vi hadde planlagt?

Vi vil vere ein del av fellesskapet

Av og til er det ikkje så viktig kva vi seier, men at vi seier noko i det heile. Då snakkar vi med andre, rett og slett for å vise at vi ser dei, og for å stadfeste at vi er vener. Nokre forskarar meiner at denne sida ved språket er så viktig at vi kan snakke om ein eigen sosial funksjon i tillegg til dei tre andre funksjonane.

Språkfunksjonar og retorikk

Når vi bruker ekspressive, appellative og informative språkfunksjonar for å få fram ein bodskap, kan vi sjå på korleis språkfunksjon og appellformer heng saman.

Vi bruker nemleg språket strategisk for å påverke mottakaren vår. Men strategiane er ulike avhengig av kva mål vi har. Av og til kan det vere vi meiner vi vil ha best appell om vi påverkar kjenslene til mottakaren. Då vil vi gjerne bruke ein ekspressiv språkfunksjon for å spele på patos. Andre gonger kan det vere meir verknadsfullt å vere sakleg. Då kan eit informativt språk vere løysinga for å styrkje logos i fråsegna.

Informativ språkfunksjon og logos

Dersom nokon vel ein informativ språkfunksjon, vil denne ofte appellere til logos. Når språket er informativt, bruker avsendaren ofte døme som skal overtyde om at avsendaren har fornuftige argument:

  1. Nei, vi kan ikkje gå ut og leike no. Det regnar nemleg.
  2. Fordi kroppspresset stadig aukar i samfunnet, bør unge menneske ikkje følgje bloggarar som skriv om trening og kosthald.
  3. Du bør kjøpe denne mobilen, fordi den har ein garanti på fem år.

Det alle døma over har til felles, er at avsendaren ønskjer å overtyde ein mottakar om ei sak. Og for å overtyde blir det brukt informativt språk som skal styrkje logos i fråsegna.

Informativ språkfunksjon og etos

Avsendar kan òg informere om fakta for å auke eige etos. Typisk vil hen då fortelje om eigne erfaringar eller eiga utdanning:

  1. Som medieekspert med fleire års studiar på koplinga bloggar og påverknad, vil eg sterkt rå ungdom mot å lese bloggar som handlar om kropp, mat og trening.
  2. Eg har brukt denne mobilen i fleire år og har berre gode erfaringar med han.

Appellativ språkfunksjon og patos

Om avsendaren bruker appellativt språk, er det vanlegaste at det skal påverke kjenslene til mottakaren. Då bruker hen altså patos for å overtyde.

  1. Ver så snill å la oss vere inne når det er så dårleg vêr ute!
  2. Du må ikkje følgje bloggarar som skriv om trening og kosthald, om du vil unngå kroppshysteriet!
  3. Kjøp mobilen og opplev dei gode eigenskapane han har!

Ekspressiv språkfunksjon og patos

Det å fortelje om eigne kjensler og haldningar til eit emne kan påverke kjenslene til mottakaren. Avsendaren prøver då å overtyde ved å bruke patos.

  1. Eg er så sliten i dag, så eg synest vi skal halde oss inne.
  2. Eg følgde ein blogg i to år, men blei så oppteken av mat og hysterisk på vekta at eg måtte slutte. Derfor meiner eg at det ikkje er ein god idé å følgje slike bloggar.
  3. Eg elskar denne fantastiske mobilen eg held i handa her!

Ekspressiv språkfunksjon og etos

Den ekspressive språkfunksjonen blir òg ofte brukt for å auke eige etos. Å overtyde med etosargument handlar nemleg om å verke som eit menneske med gode verdiar og ideal:

  1. Eg har stor medkjensle med dei skatteytarane som må betale nye mengder pengar, om de kjem til makta.
  2. Eg må seie eg er ganske sint på vegner av alle dei kvinnene som gjer sjukepleiarjobben, utan å få ordentleg betalt.

I det første dømet over prøver avsendaren å overtyde ved å vise til kjenslene sine. Målet er å verke som ein person som er omtenksam og forståingsfull. I det andre dømet viser avsendaren ansvar og forståing ved å fortelje at behandlinga av sjukepleiarane er opprørande.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2023

Læringsressursar

Retorikk i bruk