Fagstoff

Frå språk til språk

Publisert: 11.04.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Stille dagar i
Mixing Part


"Hello Fam.Thank you for your Imail. It makes us happy you by 1. july to remain wants. Our address reads Helmut and Angela Bader Ludwigstrasse 5, Mixing Part. Our bank account: District savings bank mixing part churches Big Byladem 1 gap iban/de xxxxxxxxxxx. We are pleased also you and wish you up to then a beautiful time. Fam. Bader."

Dette sitatet er henta frå Erlend Loe sin roman Stille dager i Mixing Part (Cappelen, 2009).

Ein norsk familie vil gjerne leige eit feriehus i den tyske byen Garmisch-Partenkirchen. Den tyske familien dei skal leige hos, er ikkje heilt stødige i engelsk. Derfor bruker dei eit Internett-program som omset frå tysk til engelsk når dei svarer på e-posten frå den norske familien.

Prøv sjølv!

Skriv inn det tyske stadnamnet  Garmisch-Partenkirchen i Yahoo sitt omsetjingsprogram

Babel Fish. Vel omsetjing frå tysk til engelsk. Kva blir resultatet?

foto av landsbyen Garmisch-PartenkirchenGarmisch-Partenkirchen  

"Å oversette betyr å gjengi en tekst fra ett språk eller én språkform (kildespråket) i et annet språk eller en annen språkform (målspråket)."

Store norske leksikon, nettutgåve

Frå kjeldespråk til målspråk

Det språket vi tek utgangspunkt i når vi omset, kallar vi kjeldespråk. Omset vi ein tekst til norsk, kan kjeldespråket for eksempel vere engelsk eller fransk, men det kan også vere ein norsk tekst i gammal språkdrakt.

Men det å omsetje ein tekst handlar om langt meir enn å byte ut ord frå eitt språk med ord frå eit anna språk. Omsetjing vil også seie å flytte ein tekst frå éin kultur til ein annan, eller frå éin tidsalder til ein annan, på ein slik måte at vi tek vare på form og innhald så langt som råd er.

Målspråket er det språket vi bruker i omsetjinga. Ein translatør (omsetjar) er ein som omset tekstar frå eitt språk til eit anna. Utdanning.no omtaler krava til ein god omsetjar slik:

"Medvett og kunnskap om sjangeren du skriv i, er viktig for at du skal kunne gjere ein god jobb. Du er ikkje noka ordbok, men skal formidle eit meiningsinnhald så godt som mogleg. Det krevst for eksempel eit heilt anna språk når du omset ein årsrapport enn når du omset ein brukermanual.

Og dersom du skal omsetje ei skjønnlitterær bok, må du forstå sjangeren boka er skriven i, språktonen og stilen til forfattaren, tidskoloritten i språket og referansar til andre verk, personar eller hendingar. Du må ta stilling til bruk av slang og ei rekkje andre spørsmål. Sjangrar kan også ha noko ulik form i ulike land, og det er ein nødvendig del av kompetansen til ein omsetjar å forstå dette."