Skriv ut Lytt til tekst
 
Oppgåve

Lineær matematisk modell

Oppgåve 1

Tabellen nedanfor viser folkemengda i Noreg for nokre utvalte år i perioden frå 1950 til 2000.

År 1950 1960 1970 1980 1990 2000
Folkemengde 3 249 954 3 567 707 3 683 221 4 078 900 4 233 116 4 478 497

a) Plott punkta i eit koordinatsystem og finn eit tilnærma lineært uttrykk for ein funksjon f som beskriv samanhengen mellom år og folkemengd ved å bruke eit digitalt hjelpemiddel. La x vere talet på år etter 1950 og folkemengda i millionar.

b) Kor mye aukar folkemengda med per år ut frå uttrykket du fann a)?

c) Dersom denne utviklinga held fram, kva vil folkemengda i Noreg vere i år 2050?

 

Oppgåve 2

Tabellen nedanfor viser folkemengda i Mandal for nokre utvalte år i perioden 1990 til 2006.

År 1990 1995 1998 2002 2006
Folkemengde 12 465 12 910 13 181 13 417 14 069

a) Plott punkta i eit koordinatsystem og finn eit tilnærma lineært uttrykk for ein funksjon f som beskriv samanhengen mellom år og folkemengd ved å bruke eit digitalt hjelpemiddel. La x vere talet på år etter 1990 og f(x) folkemengda i tusen.

b) Kva blir folkemengda i Mandal etter denne modellen i år 2050?

c) Når vil folkemengda i Mandal passere 20 000 etter denne modellen?

 

Oppgåve 3

Tabellen nedanfor viser utslepp av svoveldioksid til luft i Noreg for nokre utvalte år frå 1973 til 2000.

År 1973 1980 1987 1992 1996 2000

Utslepp SO2 til luft

i 1000 tonn

156,4 136,4 73,1 37,0 33,1 27,3
a) Plott punkta i eit koordinatsystem og finn eit tilnærma lineært uttrykk for ein funksjon S som beskriv samanhengen mellom år og utslepp.

La x vere talet på år etter 1973 og S(x) utsleppet av svoveldioksid i tusen tonn.

b) Når var utsleppet av svoveldioksid 100 tusen tonn?

c) Kva vil utsleppet vere i år 2010 dersom vi følgjer denne modellen? Kommenter svaret.

Tilrå
7