Fagstoff
Oppbygging av ei dramaøkt
Her er éin modell for korleis ein kan byggje opp ei økt med dramaøvingar. Han kan vere grei å ha som eit utgangspunkt når du skal planleggje.
- Fellessamling, samtale i plenum. Dette er med på å samle gruppa og førebu på dagens tema. Her kan ein òg, viss ein vil, plukke opp tråden frå det ein gjorde forrige gong, høyre om nokon har fått nokon nye tankar sidan då og så vidare. Så introduserer ein dagens tema.
- Oppvarming
- Hovuddel 1: Improvisasjon. Her tek ein i bruk ein av dramateknikkane (rollespel, intervju, biletteater eller dramatisering). Improvisasjonen kan skje i plenum, i grupper, i par eller individuelt.
- Eventuelt hovuddel 2: Vising. Her deler gruppene med kvarandre det dei har komme fram til i improvisasjonsdelen (dette punktet går ut viss ein for eksempel har brukt rollespel).
- Avsluttande fellessamling. Dette bør de ha kvar gong, uansett kva de har jobba med og korleis. Her kan ein samle trådane, høyre korleis deltakarane har opplevd økta, gjennomarbeide erfaringar og reflektere over temaet de har jobba med. Her kan deltakarane gi uttrykk for nokre av opplevingane sine, komme med reaksjonar og stille spørsmål.
Ordbok
Please wait...
Kompetansemål
Andre ressursar
Frå NyGiv
Brukast i
Nøkkelord
Inngår i
Oppgåver frå deling.ndla.no
Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve


