Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Planlegging, gjennomføring og evaluering av ei dramaøkt

Masker

Ideelt sett begynner planlegginga av ein dramaaktivitet med observasjon av deltakarane. Det kan vere nyttig å ha litt kjennskap til gruppa og føresetnadene til deltakarane før du begynner. Det er ein fordel å vite litt både generelt om aldersgruppa og spesielt om den gruppa du skal jobbe med.


PlanleggingPlanlegging
Opphavsmann: Guri Bente Hårberg







bildet viser et barn utkledd som løve Drama
Opphavsmann: Maritvold barnehage

Det er viktig at du er godt førebudd og har tenkt igjennom korleis du vil byggje opp økta før du begynner. Aller viktigast er det at du har klart for deg målet med økta. Kva vil du oppnå? Korleis kan du oppnå det? Kvifor har du valt ut akkurat desse øvingane? Lag enkle og konkrete mål som du etterpå kan sjå om du har oppnådd eller ikkje. Så lenge du har målet klart for deg, kan så å seie alle øvingar og leikar tilpassast og brukast i dramaundervisninga. Begynn difor med å samle på og skrive ned leikar du kan. Så lenge du veit kvar du vil, kan du lage eigne variantar av leikar og rette dei inn mot dramaaktiviteten.

Eitt eksempel: Sisten (eller tikken) er ein leik dei aller fleste kan. Viss du skal ha eit opplegg om eventyr, kan han som har sisten, for eksempel vere trollet i eventyret. Alle dei andre kan late som dei er prinsessa som ikkje vil kidnappast. Slik blir barna allereie i oppvarminga litt førebudd på tematikken dei skal jobbe med, og får allereie no idear til korleis ein kan spele troll og prinsesse.

Samtidig kan uventa ting oppstå i løpet av ei økt. Nettopp fordi drama er ein kreativ måte å jobbe på, er dette også ofte eit poeng. Dette er ikkje eit fag der alt kan planleggjast på førehand, for alle deltakarane skal kome med sin kreativitet, og då kan nye og uventa ting oppstå undervegs. Difor er det òg viktig at de etter ei økt tek dykk tid til å snakke gjennom kva som skjedde undervegs, og korleis de eventuelt vidare kan bruke dei erfaringane de no har fått. Det gjeld å finne balansen mellom planlegging og å vere open for det som skjer der og då. Ein av dei viktigaste eigenskapane du som barne- og ungdomsarbeidar har, er å kunne vere til stades i situasjonen og gripe tak i det som skjer der og då.

Utfordringar til deg


 

Tilrå
10

Ordbok

Kompetansemål

Dekkjer delvis

Oppgåver

Praktisk stoff for

Fagleg

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve