Leik
LeikOpphavsmann: Andrew C.
Ser vi på kva leik er for noko, kan vi definere det som det å skape ei eiga verd med sine eigne reglar.
Tenk over nokre leikar du kan. Det er lett å tru at leik er ein heilt fri aktivitet, men når ein tenkjer over det, er det nesten ingenting som har så klare reglar og grenser som leik. Fordi leiken har så klare grenser, er det mogleg å prøve ut ting i leiken som ein ikkje har lov til i den verkelege verda. Denne typen leik er naturleg for barn, og viss du kjenner nokre barn, har du sikkert sett at dei på eiga hand har laga sine eigne små rollespel.
Kanskje har du òg lagt merke til at dei ofte snakkar i fortid når dei speler. Ein kan ofte høyre barn seie for eksempel «og så gjekk du dit, og så gjorde eg slik» når dei planlegg spelet. Det kan vere eit teikn på at barna veit at det dei held på med, er fiksjon. Dei veit at det er på liksom.
Spelet er ikkje røynda, men det representerer røynda. Røynda blir gjenskapt med hjelp av fantasien. Nettopp fordi det ikkje er verkeleg, er ein fri til å utforske og arbeide med inntrykk, opplevingar og erfaringar i spelet. I det dramatiske spelet kan ein øve seg på åtferd og reaksjonar som seinare kan brukast i røynda.
