Kva er drama, og kvifor skal ein bruke det?

Sjølve ordet drama betyr «handling». I kvardagen bruker vi gjerne ordet når det har skjedd noko utanom det vanlege. Nyheitene bruker ofte ordet dramatisk om hendingar som ulykker og ran, altså noko problematisk eller konfliktfylt.
MaskeOpphavsmann: Guri Bente Hårberg
Her skal vi bruke ordet om faget drama. All dramaaktivitet inneber at ein jobbar med ei eller anna form for fiksjon. Det vil seie at vi jobbar med noko som er oppdikta. I drama lever ein seg inn i oppdikta situasjonar og i oppdikta personar. Dette blir kalla agering.
Drama går altså ut på å late som om ein er ein annan enn seg sjølv, og at ein er i ein annan situasjon enn den verkelege. Dette kan skje med tre ulike utgangspunkt:
- Gjenstandar
For eksempel lèt ein som eit tau på golvet er ei elv. Eller så lèt ein som, mimar at, ein har eit glas i handa sjølv om ein ikkje eigentleg har det. - Situasjon
For eksempel lèt ein som ein er i ein jungel. - Rolle
Ein lèt som ein er ein annan enn ein eigentleg er.
Det er dette som skil ei dramaøving frå ein vanleg leik. For å kunne kallast ei dramaøving må øvinga ha eit element av fiksjon og agering i seg.
Faget drama
Faget drama heng tett saman med teater og med leik. For å forstå betre kva dramafaget dreier seg om, kan det vere nyttig med ei kort samanlikning av drama, teater og leik.
Samanhengen mellom leik, drama og teater er tydeleg: Ein skapar ei eiga verd, ein fristad, der ein kan spele ut, agere, personar og situasjonar som kanskje liknar på det verkelege livet, men som ikkje er verkeleg. Det er ein fiksjon. Gjennom å spele situasjonar og personar kan ein lære noko om korleis ein kan takle tilsvarande situasjonar i den verkelege verda. Gjennom agering kan ein «øve seg til livet».
For å oppsummere kan vi seie at drama er eit kunstfag der vi bruker verkemidla frå teateret for å bearbeide tema. Drama kan brukast som ein metode for å lære.
Utfordringar til deg
