Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentasjonsplikt

Som helsefagarbeidar er du plikta til å dokumentere den helsehjelpa du gir. Å dokumentere betyr å vise, underbyggje eller grunngi. Som helsepersonell har vi i følgje helsepersonellova dokumentasjonsplikt, og alle relevante og nødvendige opplysningar skal dokumenterast.
Pc og mobil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under § 39 i denne lova står det mellom anna:

«Den som yter helsehjelp, skal nedtegne eller registrere opplysninger som nevnt i § 40 i en journal for den enkelte pasient. Plikten til å føre journal gjelder ikke for samarbeidende helsepersonell som gir hjelp etter instruksjon eller rettledning fra annet helsepersonell.

I helseinstitusjoner skal det utpekes en person som skal ha det overordnede ansvaret for den enkelte journal, og herunder ta stilling til hvilke opplysninger som skal stå i pasientjournalen.

Departementet kan i forskrift pålegge helsepersonell som nevnt i første ledd å føre egen journal som pasienten oppbevarer selv (egenjournal).»

Du har nattevakt på Eplehagen sjukeheim. Ein av brukarane er Anna. Ho søv vanlegvis godt, men i natt har ho vore ofte på toalettet. Ho seier at det svir når ho tissar.

Før du går heim om morgonen, skal du skrive og gi munnleg rapport.

Det finst ulike system for dokumentasjon avhengig av kor du arbeider, men alle opplysningane skal bli samla i ein pasientjournal.

Les meir om kjernejournal: Kjernejournal - en elektronisk tjeneste

Det er fleire lover og forskrifter som regulerer dokumentasjon av helsehjelp. Dei viktigaste lovene er: helsepersonellova, forskrift om pasientjournal og pasientrettslova.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det å dokumentere?
  2. Gi døme på forhold du som helsefagarbeidar må dokumentere.
  3. Les kapittel 5 § 5-1 i pasientrettslova og diskuter innhaldet.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2017

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske