Hopp til innhald

Fagstoff

Tips for turen

Som ansvarleg og med tildelt ansvar skal du vere godt førebudd for turen. Det vil seie at du skal ha delteke aktivt i turførebuingane og veit kva som er ditt ansvar på turen.

En sjekkliste og en blyant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Informasjon

Barn og unge skal ha med seg det dei treng. Ver positiv og blid. Engasjement som ansvarleg er viktig. Ser ungane at du gler deg, blir du ein god rollemodell. Før avreise bør du fortelje litt om turen – kvar de skal dra, og kva de skal gjere. Det skaper positive reaksjonar blant barna og får dei til å gle seg meir. Glede er bra for fellesskapet.

Tryggleik på tur

Trygg transport. Er du på tur med barnehage og skal bruke bil som transportmiddel, skal alle sitje i godkjent barnesete. Har ikkje barnehagen dette sjølv, bør dei føresette setje att sine eigne. Det er viktig å merke seg at enkelte kommunar ikkje godtek transport i privatbilar.

Når det gjeld buss, skal han ha godkjende setebelte. Det skal alle skulebussar ha i dag. Elles er det viktig å følgje trafikkreglane når de går eller syklar til området de skal vere i. Alle bør bruke sykkelhjelm og vest. Når de går eller syklar på tur, så er det viktig for tryggleiken at ein vaksen er først og ein vaksen sist.

Ver med barna

Ver med på leiken. Ikkje bli tilskodar på turen. Det er mykje lettare å identifisere seg med barna når du sjølv er med på leiken. Då er det også lettare for deg å inkludere alle og sjå om barna har det moro saman. Det er alltid nokon barn som treng meir merksemd enn andre. Ver merksam på dei, og hjelp dei til å bli inkludert i leiken. Av og til leikar barna godt, og då er det ikkje naturleg for den vaksne å blande seg inn. Det er heilt greitt.

La barna styre tempoet. Har barna det moro med ein aktivitet, så la dei bestemme når dei skal begynne med den neste aktiviteten. La dei lykkast i det dei gjer.

Mat er alltid ein arena for sosialt fellesskap. Bruk matpausen til å gi ros. Ikkje ver redd for å skryte av barna. Det gir sjølvtillit. Når alle er samla i matpausen, kan du oppsummere turen så langt: Kva de har opplevd, og eventuelt artige situasjonar. Fortel i tillegg litt om kva de skal gjere vidare.

Ver merksam. Sjå alle. Fell nokon utanfor leiken? Bruk engasjementet ditt saman med dei, få dei med i fellesskapet.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du finne ut kva som er dine oppgåver når du er på tur med barn eller unge?
  2. Kva har det å seie får barna at dei ser du kosar deg på tur?
  3. Kva bør du tenkje over når du skal transportere barn og unge i bil eller buss?
  4. Sjekk kva for reglar skular og barnehagar i nærmiljøet har når dei skal ta med barn i bil eller buss.
  5. Bruk nettet og finn ut kva for trafikkreglar som gjeld når du skal gå eller sykle langs bilveg med barn.
  6. Kvifor bør du delta i leik og aktivitetar saman med barna?
  7. Kva for barn trur du treng ekstra merksemd når de er på tur, og korleis bør du vise desse barna omsorg?
  8. Kvifor er det viktig å gi barna ros?
  9. Bruk ei eller fleire av teikningane på sida og skriv ein fagtekst til biletet. Les han for nokon av medelevane dine.

Relatert innhald

Kva bør vi vite om grupper og gruppeprosessar når vi arbeider med barn? Steinbråten barnehage i Oslo deler erfaringane sine med oss.

CC BY-NC-SASkrive av Kjell Heggelund, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2018

Læringsressursar

Friluftsliv med barn