Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuingar til tur

Praktisk friluftsliv vil seie at vi er ute. Som barne- og ungdomsarbeidar vel du aktivitetar, anten i nærmiljøet, ved sjøen, i skogen eller på fjellet. Når, kvar og på kva årstid vi arrangerer turane, varierer alt etter målgruppa vi arbeider med.
Tre barn overnatter ved vann og har kano. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inkludering

Kvar du skal leggje turen, og kva du skal ta med, er viktig for å nå dei måla du har sett deg. Vi er ulike menneske med ulike ferdigheiter. Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du inkluderer alle i fellesskapen. Det er då viktig å velje enkle aktivitetar som alle kan meistre, for då skaper du eit eit godt læringsmiljø. Dette inneber at du også inkluderer personar med nedsett funksjonsevne.

Du må også hugse at du som barne- og ungdomsarbeidar er med på å forme utviklinga og identiteten til barna gjennom sosialiseringa. Du set normene for korleis barn og unge skal løyse oppgåver eller aktivitetar. Får barn ros i slike samanhengar, gir du dei sjølvtillit og kjensla av meistring. Dette har mykje å seie for seinare aktivitetar. Dette kallar vi positive relasjonar, og det gjer at barna får lyst til å vere med vidare.

Førebuing er viktig

Er du godt budd på å dra på tur med barn og unge, så er sjansen for å lykkast mykje større. Ein tur kan vere alt frå eit par timar i skogen til ein overnattingstur over fleire dagar. Å ta ting på sparket er lite heldig og kan føre til ubehagelege situasjonar. Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar er det venta av deg at du planlegg godt turar der du har ansvar for barn eller unge åleine eller saman med andre. Dette må du gjere både for at barna skal ha størst mogleg utbytte av turen, og for at det skal vere trygt å sende barna på tur.

Utstyr og hjelpemiddel du treng for å gjennomføre ein tur, kjem an på kva type tur du arrangerer. Skal du på bærplukking med heile barnehagen, bør du ha med bytter eller plastposar. Skal du på ein tur i fjøra, bør ungane ha fått beskjed om å ta med støvlar. Slike enkle ting bør du ikkje gløyme. Derfor er det viktig å gi beskjed til heimen om kva ein treng av utstyr til den aktuelle turen. Lag derfor ei utstyrsliste som barnet kan ta med seg heim.

Som medansvarleg på tur kan det vere deg barna vender seg til. Det du gjer, gjer dei. Skal du vere ein god rollemodell, er det viktig at du held deg innanfor dei felles normene som er sette for den gruppa du er på tur med. Du kastar ikkje søppel i naturen, bryt ikkje friske greiner, går ikkje på privat eigedom, bannar ikkje og så bortetter. Du følgjer friluftsloven. Det er også viktig at du behandlar alle likt og er rettferdig. I tillegg skal du vere i godt humør, slik at alle kan sjå at du trivst.

Spørsmål til planlegging av turen

  • Kvar skal turen gå?
  • Kva skal du ha med?
  • Kva mål har du for turen?
  • Korleis inkludere alle?
  • Korleis skape meistringskjensle?
  • Korleis styrkje sjølvtilliten til barnet?
  • Korleis gjere det trygt å dra på tur?
  • Kva treng du av utstyr?
  • Kva for informasjon skal heimen ha?
  • Korleis vere ein god rollemodell?

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er planlegging så viktig når du skal på tur med barn og unge?
  2. Kva er friluftsliv?
  3. Lag ei liste over kva som må planleggjast før du drar på tur med barn eller unge.
  4. Kva bør du tenkje på når du vel turaktivitetar for barn?
  5. Forklar korleis du som barne- og ungdomsarbeidar er med på å forme identiteten og utviklinga til barna gjennom sosialiseringa.
  6. Kva for beskjed bør heimen få dersom de skal på tur med barn eller unge? Lag gjerne utkast til ulike måtar å informere på.
  7. Korleis kan du vere rollemodell for barn når de er på tur?
  8. Diskuter lista de finn under «Gode rutinar». Kva nytte har du av ei slik liste?
  9. Sjekk om kommunen din har heimeside som fortel noko om ferdsel i skog og mark.
  10. Finn du noko om kva for stader som er lagde til rette for menneske som sit i rullestol, eller er blinde?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kjell Heggelund, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Friluftsliv med barn