Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er friluftsliv?

Friluftsliv er kort fortalt eit enkelt liv i naturen. Vi bruker kroppen vår til aktivitet, og vi flyttar oss frå stad til stad. Vi kan til dømes gå, klatre, sykle, springe, gå på ski eller skøyter, ri, segle, ro og padle. Dette gjer vi åleine eller saman med andre.
Jenter med hammere og spiker bygger på trehytte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helsefremmende tiltak

Stortingsmelding nr. 39 seier følgjande: «Friluftsliv, en vei til høyere livskvalitet.» Det vil seie at alle skal ha høve til å drive med friluftsliv som ein positiv aktivitet for helse og trivsel både i nærmiljøet og ute i naturen. Regjeringa seier at allemannsretten skal stå ved lag. Barn og unge skal få utvikle ferdigheiter i friluftsliv. Alle område som er verdfulle for friluftsliv, skal sikrast, og grøntareal i byar og tettstader skal takast vare på.

«Friluftsliv og idrett er nært beslektet. For de gamle egypterne var faktisk fisking en av de viktigste idrettsgreinene! En tur til fots eller på ski i skog og fjell, padling i kano eller kajakk, fjellklatring eller hundekjøring – alt dette kan være vel så krevende aktiviteter som tradisjonelle idrettsprestasjoner.»
Jan Bolle

Vi utfordrar oss sjølve både fysisk, psykisk og sosialt. Ein kan seie at friluftsliv har ein eigenverdi og er eit mål i seg sjølv. Det kan gi ei kjensle av auka livskvalitet når vi hentar glede og inspirasjon frå mangfaldet i naturen.

«Den Norske Turistforening (DNT) ble stiftet i 1868 for å gjøre naturområdene mer tilgjengelige. Også i dag har DNT en sterk posisjon blant turgåere og friluftselskere i Norge med sine over 200 000 medlemmer.»
Jan Bolle

Det er viktig å hugse at friluftsliv ikkje berre er for dei vaksne, men at det kan glede alle, også dei små.

Kva er friluftsliv? «Det er en diskusjon som det ikke er noe fasitsvar på. Er det bare turer ved kyst, fjord og i fjellet med enkelt utstyr som er friluftsliv? Eller er hanggliding, mountainbiking, bølgesurfing like godt friluftsliv som noe annet?»

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner ein med «Friluftsliv, ein veg til høgare livskvalitet»?
  2. Kva er friluftsliv?
  3. Kva er allemannsretten?
  4. Forklar påstanden om at friluftsliv og idrett er nært i slekt.
  5. Kvifor blei Den Norske Turistforening (DNT) stifta?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kjell Heggelund, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2018

Læringsressursar

Friluftsliv med barn