Hopp til innhald

Fagstoff

Dette er NAV

Dei fleste av oss kjem før eller sidan til å ha kontakt med Nav. Og Nav-kontora er ikkje vanskelege å finne, for det er slike kontor i alle kommunar og bydelar.
Ung mann på vei ut av et NAV-kontor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nav er ei dør inn til mange viktige velferdsgode. Her skal vi nemne nokre døme på korleis mange unge kan ha nytte av ytingar frå Nav. Nokre tenester er rettar som er like for alle – altså universelle. Andre tenester blir berre gitt til dei som har ekstra behov. Desse tenestene blir kalla behovsprøvde.

NAV administrer ei rekkje offentlege velferdstenester, som trygdeytingar, sosialetenester og tenester for dei som søkjer arbeid. Ønskjer du kontakt med NAV, kan du gå til NAV-kontoret i kommunen din, eller du kan bruke nettsidene nav.no. Her finn du informasjon om dei ulike tenestene.

Å søkje jobb

«Arbeid»-sidene til Nav er for alle typar arbeidssøkjande, både for dei som aldri har hatt jobb før, for dei som har jobb og ønskjer seg ein annan, og for dei som av ein eller annan grunn er arbeidslause og ønskjer å kome tilbake i arbeid. Nav gir tips om korleis du kan bli ein god arbeidssøkjar. Dei gir òg praktiske råd om korleis du set opp ein CV, og korleis du kan vise dine beste sider i eit jobbintervju.

Dersom du er på leiting etter jobb, kan du ha nytte av å bruke jobb-basen til Nav. Du finn han under «Person» og underkategorien «Arbeid». Her finn du alltid mange utlysingar av ledige jobbar – både fulltidsjobbar og deltidsarbeid. Dei fleste stillingane krev sjølvsagt ei eller anna form for utdanning og/eller erfaring. Og mange krev at søkjaren har fylt 18 år.

Nav-sidene har dessutan rettleiingsverktøy og testar som kanskje kan gi deg ein peikepinn om kva type utdanning og kva slags jobb som passar for deg.

Fødsel og barn

I velferdsstaten Noreg får barnefamiliar spesiell oppfølging. Det blir sett av store summar på dette området over statsbudsjettet kvart år, og det er Nav som syter for at støtta blir utbetalt til dei som skal ha henne.

Barnetrygd får ein uavhengig av kor mykje ein tener. Det å ha barn fører med seg ein god del ekstra utgifter for ein familie. Og gjennom barnetrygda blir forskjellane mellom familiar med barn og familiar utan barn utjamna. Åleinemødrer og åleinefedrar får eit tillegg i barnetrygda fordi dei som regel har større problem enn andre med å få det til å «gå rundt».

Åleineforeldre har andre tilskotsordningar i tillegg, til dømes overgangsstønad.

Nav fordeler òg dei pengane som gir foreldre sjansen til å vere heime med barnet det første leveåret. Arbeidsgivaren gir permisjon, og Nav betaler ut ei «erstatning for lønn» kvar månad. Dette er eit gode som blir fordelt mellom mor og far. Dei som ikkje har jobb og arbeidsgivar når dei føder, får dersom dei søkjer om det.

Etter perioden med foreldrepengar kan familien få i ein periode, dersom dei vel å vere heime med barnet i staden for at det går i barnehage.

Informasjon som gjeld familiar med barn, finst under «Person» og underkategorien «Familie».

Behovsprøving

Mange typar økonomisk hjelp frå NAV blir berre gitt til dei som har behov for det, dei som har lita inntekt. Andre typar støna er ikkje behovsprøvd, som til dømes barnetrygd. Foreldre får barnetrygd anten dei tener mykje eller lite.

Helse

Ein svært viktig del av velferdsstaten er støtta til dei som blir sjuke og ikkje kan arbeide i kortare eller lengre periodar. Arbeidsgivaren har plikt til å betale lønn i 16 kalenderdagar (2 veker og 2 dagar) til tilsette som er borte frå arbeidet på grunn av sjukdom. Så tek staten over dette ansvaret. Arbeidstakaren får framleis lønn, men det er Nav som betaler. Også korttidstilsette og deltidstilsette har denne retten dersom dei har ein vanleg arbeidskontrakt.

Ei anna viktig støtteordning er den som gjer det billig å gå til lege. Vi betaler berre ein brøkdel av det det eigentleg kostar å få hjelp frå allmennlegar eller spesialistar. Og når vi har lagt ut ein viss sum til legebesøk i løpet av eit år, får vi resten gratis. Ordninga omfattar òg ein del livsnødvendige medisinar.

Relatert innhald

Folketrygda omfattar mellom anna alderspensjon, uførepensjon, arbeidsløysetrygd, barnetrygd og offentleg legehjelp.

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 09.08.2017

Læringsressursar

Velferd og levekår