Hopp til innhald

Fagstoff

Varmestyring i bustad

Formålet med og bakgrunnen for varmestyring i ein bustad er sjølvsagt å halde ved like ein behageleg temperatur. Det finst mange måtar å gjere dette på.
Ein mannsit i ein vindaugskarm med ullsokkar og ein kopp med varm drikke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Termostat

Det mest brukte i dag er termostat. Termostaten regulerer varmen etter behovet i det aktuelle rommet.

Meir informasjon om termostat.

Reguleringsvendar

Reguleringsvendar 3-vegs. Foto.

Vidare har vi reguleringsvendarar. Denne typen styring er nok ikkje den mest brukte i dag, men vi kan ofte kome borti han i litt eldre hus.

Ein bruker reguleringsvendarar for å styre varmekablar, reflektoromnar og varmtvasstankar. Ein føresetnad er at alle desse komponentane har to element. Det finst òg andre reguleringsvendarar, som til dømes styrer platene på ein komfyr.

Reguleringsvendaren er bygd slik at han legg varmeelementa i eit visst mønster i dei ulike trinna. Reguleringsvendaren har 4 trinn (0, 1, 2 og 3). I trinn 0 blir det ikkje utvikla nokon effekt, i trinn 1 blir ein liten effekt utvikla, i trinn 2 større effekt og i trinn 3 størst effekt. Dette kjem an på korleis elementa i reguleringsvendaren er lagde.

Oppbygninga av reguleringsvendaren

Reguleringsvendar nr. 9

Nr. 9 blir nytta til å styre varme, der varmekjelda består av 2 like element. I reguleringsvendar nr. 9 er elementa lagde slik:

Skjema for reguleringsvendar nr. 9. Skjema.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • I trinn 1 ligg elementa i serie. Då blir det utvikla mest motstand, og effekten blir liten.
  • I trinn 2 ligg berre det eine elementet inne. Då blir det utvikla halvparten så mykje motstand, og effekten blir dobla.
  • I trinn 3 ligg elementa i parallell. Då blir det utvikla minst motstand, og effekten vil igjen bli dobla. I dette trinnet har vi mest (full) effekt.

Reguleringsvendar nr. 29

Nr. 29 blir nytta til å styre varme der varmekjelda består av to ulike element. I reguleringsvendar nr. 29 er elementa lagde slik:

Skjema for reguleringsvendar nr. 29. Skjema.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • I trinn 1 ligg det minste elementet inne (størst motstand og minst effekt). Då blir det utvikla mest motstand, og effekten blir liten.
  • I trinn 2 ligg det andre elementet inne. Då blir det utvikla mindre motstand, og effekten vil auke.
  • I trinn 3 ligg elementa i parallell. Då blir det utvikla minst motstand, og effekten vil igjen auke. I dette trinnet har vi mest (full) effekt.

Av/på-brytar

Av/på-brytar kan brukast for varme, men er heller ikkje ein type styring som er mykje brukt i dag. Grunnen er at denne metoden ikkje kan styre varmen i meir enn to trinn («ingenting» og «full guffe»). Dette er veldig dårleg for økonomien, miljøet og inneklimaet.

Stjerne/trekant-styring

Stjerne/trekant-styring kan brukast, men er ikkje mykje brukt i bustader (kan brukast til snøsmelteanlegg). Varmekjelda må då vere trefasa, noko som ikkje er vanleg i bustader.

Andre styringar

Ein termostat med ulike eksterne sensorar, som til (ute)luft, frost, nedbør osv., blir ofte brukt i snøsmelteanlegg. Vi går ikkje inn på det her, sidan dette er stoff på vg2.

I tillegg finst det mange styringssystem som blant anna blir styrt med mobiltelefon, PC og så vidare. Dette vil bli omtalt nærmare i læringsoppdraget enøk.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2018

Læringsressursar

Varme og varmestyring