Hopp til innhald

Fagstoff

Visualisering og presentasjon

Når du skal vidareutvikle ein idé for produksjon, må du visualisere han slik at han blir mest mogeleg forståeleg og interessant for oppdragsgivarar, kundar, brukarar, produksjonsmedarbeidarar, investorar, og andre som kan vere aktuelle for den vidare prosessen.
Skisser og 3d-modellar av stolar. Foto.

Kva er viktig ved produktet?

Visualiseringa kan skje ved hjelp av ulike teknikkar, men det gagnar ikkje å pøse på med verkemiddel som ikkje står i forhold til produktet. Det er derfor viktig å ha tenkt igjennom kva som er viktig ved produktet og kva brukaren har lov til å vente seg. Det kan bety at for visse produkt er ei enkel blyantskisse kanskje nettopp den riktige måten å presentere dei på, mens andre produkt er bedre tent med bruk av fleire verkemiddel.

Presentasjonen

Presentasjonen har som formål å fortelje kunden at du eller produktet til firmaet ditt er nettopp det han eller hans firma treng. Samtidig er det viktig at presentasjonen ikkje lovar meir enn det du veit de kan stå inne for. Presentasjonen skal altså framheve produktet på ein freistande, men truverdig måte.

Loggføring

Under utviklinga av produktet er det klokt å føre logg og lage skisser. Det er både ein viktig del av sjølve utviklingsprosessen og eit godt grunnlag for ein visualisert presentasjon. Både loggboka og skisseblokka er i det heile teke nyttige reiskapar i arbeidet. Skisseblokka skal ikkje vere ein arena for kunstneriske prestasjonar, men ein stad der du tek vare på idéane dine og registrerer idéutviklinga som prosess.

Det er her du skal samle tankane og idéane dine og prøve dei ut. Det er ein sikker og billig stad å gjere feil, og ein bra stad for læring. Ved hjelp av loggen og skisseblokka vil du kunne gå tilbake i prosessen og registrere kvifor noko ikkje gjekk som det skulle og lære av det. Kva skjedde? Kvifor skjedde det? Korleis kan vi unngå at det skjer igjen?

CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Introduksjon til visualisering