Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukdommar i respirasjonsorgana

Respirasjonsorgana sørger for at kroppen får oksygen. Blodet strøymer gjennom lungene og tek opp oksygen frå lufta vi pustar inn. Sjukdommar i respirasjonsorgana hemmar oksygenopptaket, og det får alvorlege konsekvensar.
Ein eldre mann pustar i eit kvitt undersøkingsinstrument mens ein smilande helsefagarbeidar sit i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleire av dei vanlegaste sjukdommane som rammar respirasjonsorgana, er knytte til livsstil.

Sjukdommar i respirasjonsorgana hemmar oksygenopptaket på to måtar:

  • Irritasjon i luftrøyret og bronkiane fører til at veggene i luftrøyret hovnar opp, og det blir produsert mykje slim. Dette hemmar lufta som skal strøyme inn og ut av lungene, og utskiftinga av luft i kvart andedrag blir redusert.
  • Alveolane, dei små blærene der oksygen strøymer frå lufta og over til blodet, blir deformerte. Dette fører til at overflata der gassutvekslinga skjer, blir redusert. Når blodet forlet ei lunge med deformerte alveolar, inneheld det mindre oksygen enn om lunga hadde vore frisk.

Luftvegssjukdommar

Kols

Kols er ei samlenemning på ei gruppe kroniske lungesjukdommar som rammar respirasjonsorgana, og som fører til hindra luftstraum gjennom luftvegane. Dei vanlegaste undergruppene av kols er kronisk bronkitt og emfysem.

Kronisk bronkitt

Ved kronisk bronkitt har bronkiane ein vedvarande betennelse. Det fører til permanent forsnevring av luftvegane og auka slimproduksjon. Det oppstår ofte lungebetennelsar.

Emfysem

Emfysem inneber at lungeblærene er utvida og delvis øydelagde, slik at dei blir mindre elastiske og det blir vanskeleg å puste. Pasienten blir tungpusta.

Astma

Ved astma trekker bronkiane seg saman slik at luftvegane blir innsnevra. Astma kjem gjerne som anfall, og pasienten kan ha periodar utan plager. Ulike faktorar kan utløyse astmaanfall.

Personar med allergiar har større risiko for å utvikle astma enn andre.

Luftvegane

Tegning som viser oppbygningen av gassutvekslingssystemet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personar som har lungesjukdommar som kronisk bronkitt, emfysem, astma eller kols, er meir utsette for å få infeksjonar, til dømes lungebetennelse, i luftvegane.

Luftvegane blir òg ramma av infeksjonar som fører til forkjøling, bronkitt eller lungebetennelse. Dette er sjukdommar som alle kan få, og som blir lækte av seg sjølve eller ved hjelp av antibiotika.


Sjukdommar i respirasjonsorgana

Personar med luftvegssjukdommar har ofte kronisk hoste. Dei pustar fort og ikkje så djupt som normalt. Dei opplever at det er tungt å puste. Viss tilstanden er alvorleg, kan pasienten få kjensla av at han eller ho blir kvelt. Dette er ofte knytt til redsel eller angst.

Ein går ut frå at røyking er den viktigaste årsaka til alvorlege sjukdommar i respirasjonsorgana. Tobakksrøyk inneheld små partiklar som irriterer og fører til auka slimproduksjon i luftrøyr og bronkiar, noko som igjen utløyser hosterefleksen. Hosting er forsøket til kroppen på å fjerne dei stoffa som irriterer, og det ekstra slimet som blir produsert. Tobakksrøyk gjer òg alveolane mindre elastiske og skader overflata mellom luft og blod.

Fleire av partiklane og gassane i tobakksrøyk er òg kreftframkallande. Det vil seie at dei påverkar cellene slik at dei byrjar å danne svulstar. Lungekreft er ein alvorleg sjukdom, og han er vanskeleg å oppdage tidleg nok til at han kan bli behandla. Lungekreft blir rekna for å vere ei av dei kreftformene som oftast fører til død.

Utfordringar til deg

  1. Kva sjukdommar i respirasjonsorgana kjenner du til?

  2. Kvifor er personar med lungesjukdommar meir utsette for infeksjonar i luftvegane?

  3. Kva livsstilsfaktorar kan påverke respirasjonsorgana?

Relatert innhald

Respirasjonsorgana, som også blir kalla andedragsorgana, består av nasen og munnen, luftrøret og lungene. Respirasjon betyr å puste.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir. Rettshavar: Norsk Helseinformatikk
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i respirasjonssystemet