Fagstoff

Farge

Publisert: 30.08.2010, Oppdatert: 08.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Hugselappen

 

Fargekontrastar (Itten):

  • Lys/mørk kontrast
  • Varm/kald kontrast
  • Komplementær-kontrast
  • Eigenkontrast
  • Kvalitetskontrast
  • Kvantiteskontrast
  • Simultankontrast

Rader med fargeblyanter i 3D. Foto. 

Dei forskjellige fargane er lys med forskjellige bølgjelengder. Auga våre blir påverka av dette lyset, og i hjernen blir inntrykka omsette slik at vi kan oppfatte fargane. Vi blir dagleg påverka av fargeinntrykk. Når du har laga ei form, er det ikkje tilfeldig kva farge du vel.

Når du vel fargar, bør du vere klar over og utnytte den verknaden ulike fargar har på menneske. Dei kan skape ro og harmoni, eller live opp og vekkje merksemd. Fargar kan også ha ein bodskap: Den varme krana har raudt merke, den kalde har blått.

Fargesamansetjing

Omgivnadene der gjenstanden skal plasserast eller brukast, vil ha mykje å seie for kva farge du vel. Vepsen er svart og gul og godt synleg i naturen. Markeringsskilt som fortel kvar vegen går, er svarte og gule av same grunn. Og kva farge har fareskilta i trafikken? Det er alltid ein grunn til fargeval. God fargeforståing er viktig i mange samanhengar. Gjennom kunnskap kan vi lære oss å bli flinke til å setje saman fargar. Erfaring og kjensler vil òg ha stor innverknad.

Når vi skal velje kva fargar som skal setjast saman, er det to viktige stikkord: kontrast og harmoni. Kontrast vil seie at fargane er motsette til kvarandre. Nokre av dei største kontrastane vi har, er komplementærkontrasten som raud og grøn, gul og lilla eller oransje og blå. I Ittens fargesirkel står desse overfor kvarandre. Harmoni vil seie at fargane passar godt saman, og at det ikkje er store kontrastar. For å få til harmoni er det for eksempel vanleg å bruke valørar, som ulike blåtonar saman.

GoetheGoethes fargehjul 

Goethes fargelære

Den tyske diktaren og naturforskaren Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832) ville gjerne finne ein måte å sjå lys og farge på som samtidig var ei oppleving og ein teori. Han såg dei farga skuggane og bestemte seg for å undersøkje dei og fargane sin natur nærmare, og arbeidde gjennom 40 år på fargelæra si.

Den harmoniske fargesirkelen uttrykkjer summen av dei erfaringane Goethe utvikla gjennom eksperimenta og arbeidet sitt. 

Ittens fargesirkelIttens fargesirkel 

Ittens fargelære

Johannes Itten (1888–1967) var lærar og målar. Han utvikla ein fargesirkel som endra synet på fargar. Han la kjensle og psykologi inn i fargane. Fargelæra hans har hatt og har framleis stor innverknad på målarar og designarar.

Ittens fargesirkel er delt opp i:

  • 3 primærfargar: raud, gul og blå
  • 3 sekundærfargar: oransje, grønn og fiolett, som er blandingar av to primærfargar
  • 6 tertiærfargar: blanding av ein primærfarge og ein sekundærfarge, som guloransje og blågrønn

Primærfargane plasserte han i ein trekant, med sekundærfargane som trekantar utanfor desse igjen, slik at dei saman dannar ein sekskant. Rundt sekskanten kjem så fargesirkelen som syner primærfargane og sekundærfargane med tertiærfargane imellom.

Itten utvikla også ei harmoni- og konstrastlære, som eit system for fargekomposisjon. Presentasjonen nedanfor forklarer konstrasttypane nærmare.

 

NCSNCS-systemet 

NCS-systemet (Natural Color System) 

NCS er eit svensk system som no er norsk standard og den leiande fargekodinga i Europa. Det er eit logisk fargesystem som byggjer på korleis vi menneske ser fargar. Alle overflatefargar kan definerast med ein NCS-kode som er eintydig. Kodane er baserte på kor mykje det er av fire kulørte fargar (gult, raudt, blått og grønt) og to ukulørte fargar (svart og kvitt) i ein farge.

Eksempel:

Du har ein fargekode der det står S 2030 - Y30R. Det vil seie:

  • 2030 tyder 20 % svart maling og 30 % kulørfarge (dvs. 50 % kvit)
  • Y30R btyder at kulørfargen er gul (Y) med 30 % raudt (R) (dvs. 70 % gult)
  • S framfor koden tyder at koden er gjeldande standard

Overlappende sirkler som illustrerer det subtraktive fargesystemet CMYK. Illustrasjon..Når alle fargane i CMYK-systemet blandar seg, blir resultatet svart.

Det additive og det subtraktive systemet

Det additive systemet og det subtraktive systemet er to motsette fargemodellar som baserer seg på anten pigmentfargar eller lysfargar. Systema har namn etter fargane dei bruker som hovudfargar.

Det subtraktive systemet – CMYK

CMYK-systemet (Cyan-Magenta-Yellow-blacK – eller K for Key colour) representerer pigmentfargane. Cyan er ein lys blå farge og magenta ein skarp rosa.

Subtrahere tyder å trekkje frå. I dette systemet vil det seie at lysrefleksjonen blir mindre når faste fargestoff blir blanda, vi «tek ut lys». Ved blanding av alle hovudfargane får vi då svart. Dette systemtet blir spesielt brukt ved fargar på trykk.

Det additive systemet – RGB

RGB (Red-Green-Blue) representerer lysfargane. Addere tyder å leggje til. I dette systemet vil det seie å «leggje til lys». Ved blanding av alle tre hovudfargane blir lyset kvitt. Dette systemet blir brukt til skjermfargar (for eksempel på fjernsynsskjermen) og i lyssetjing av alle slag.

Oppgåver